Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Plenumsmøte i Europaparlamentet 9. og 10. november

Europaparlamentet møttes til eit såkalla miniplenum i Brussel denne veka. Energi var sentral da Parlamentet drøfta EU-toppmøtet i oktober med Kommisjonen og Rådet. Det stadfesta avtaler med medlemslanda om nye reglar for berekraftsrapportering for multinasjonale selskap, tiltak for å hindre at statsstøtte til selskap i tredjeland skal påverke den indre marknaden og for styrka beredskap for cybersikkerheit. Parlamentet tok også til orde for at energitiltak må inkluderast i nasjonale gjenreisingsplanar og meiner Kroatia bør få Schengen-medlemskap. Rådet og Parlamentet oppnådde tysdag semje om revisjon av innsatsfordelingsforordning om utslepp i ikkje-kvotepliktig sektor.

Toppmøtet oktober og revisjon av rammeverket for økonomisk styring i medlemslanda
Rådspresident Charles Michel og kommisjonspresident Ursula von der Leyen deltok onsdag i ein debatt om EU-toppmøtet 21. – 22. oktober. Michel sa det var viktig at toppmøtet hadde oppnådd semje om energitiltak både for innbyggjarar og næringsliv. Von der Leyen sa energikrisa både krev strakstiltak og langsiktig, strategisk innsats. Det er mellom anna viktig å sikre høg fyllingsgrad i gasslagra, men også arbeide for raskare omstilling til fornybar energi. Fleksible statstøttereglar og tiltaka i REPowerEU er viktige for å sikre konkurransekrafta til næringslivet. Kommisjonen la elles onsdag fram ei melding om endringar i rammeverket for økonomisk styring i medlemslanda. Kommisjonen skriv i pressemeldinga at målet er enklare og meir effektive reglar som skal gjere det lettare å kombinere reform og investering med realistisk reduksjon i offentleg gjeld. Dei overordna måltala for gjeld i høve til BNP på 60 prosent og eit budsjettunderskott på maksimalt 3 prosent av BNP per år, blir ikkje endra. Framlegget vil likevel gje medlemslanda større fleksibilitet til å lage nasjonale planar for korleis dei skal nå desse måltala.

I debatten onsdag var representantane fyrst og fremst opptatt av behovet for rask reform av energimarknaden og raskt å sikre frikopling av prisen på elektrisitet frå gassprisen. Dei tok til orde for at ubrukte midlar under gjenreisingsmekanismen etter covid, må brukast til energitiltak. Parlamentet vedtok torsdag eit forhandlingsmandat som slår fast at tiltaka som er foreslått i REPowerEU knytt til energieffektivisering, energisparing og diversifisering av energitilbodet må inkluderast i nasjonale gjenreisingsplanar som blir lagt fram heretter. I debatten onsdag tok Parlamentet også til orde for tiltak for å skjerme innbyggjarar og næringsliv frå effektane av dei høge straumprisane.

Berekraftsrapportering for multinasjonale selskap
Europaparlamentet vedtok formelt eit direktiv om berekraftsrapportering for store selskap etter at det vart uformell semje med Rådet om dette i juli. Dei nye reglane vil medføre meir openheit om miljø, sosiale spørsmål og styring av store selskap. Direktivet vil føre til at fleire store selskap må rapportere om desse tilhøva. Det er venta at Rådet formelt vil gjere sitt vedtak i slutten av november. Dei nye reglane vil bli gradvis innført frå 2024 til 2028.

Tiltak mot konkurransevriding i den indre markanden pga. utanlandske subsidiar
Parlamentet vedtok formelt ei forordning som skal hindre konkurransevriding i den indre marknaden på grunn av statsstøtte som utanlandske selskap får i heimlandet. Forordninga gjev Kommisjonen høve til å granske subsidiar som utanlandske selskap har motteke. Målet er å hindre konkurransevriding som følgje av at desse selskapa har motteke til dømes subsidierte lån, skattefordelar eller direkte statsstøtte. Regelverket omfattar også krav om notifisering i samband med store fusjonar og oppkjøp dersom ein utanlandsk aktør bidrar med minst 50 millionar euro. Det er også høve til å granske offentlege innkjøpskontraktar som har ein verdi på meir enn 250 millionar euro. Rådet er venta å gjere sitt formelle vedtak i slutten av november.

Styrka tiltak for cybersikkerheit
Europaparlamentet stadfesta også ein avtale med Rådet om eit direktiv som skal sikre styrka innsats for cybersikkerheit i Europa. Det omfattar strengare krav til næringsliv, forvaltning og til infrastruktur  og omfattar krav til risikohandtering, rapportering og deling av informasjon. Sektorarar som energi, transport, bank og helse blir kategorisert som grunnleggjande viktige sektorar, og det er også nye reglar for viktige sektorar som post, avfallshandtering, produksjon av medisinsk utstyr og for leverandørar av digitale tenester. Det vart oppnådd uformell semje mellom Parlamentet og Rådet om dei nye reglane i mai og Rådet må nå gjere sitt formelle vedtak før direktivet blir publisert i EUs Official Journal.

Kroatia bør få Schengen-medlemskap
Europaparlamentet meiner Kroatia bør få bli med i Schengen-samarbeidet. Medlemslanda i Rådet slo i desember 2021 fast at Kroatia oppfyller dei formelle krava for å kunne bli med i Schengen-området. Europaparlamentet meiner nå medlemslanda må gjere det formelle vedtaket som sikrar medlemskap. Dette krev samrøystes vedtak i Rådet.

Tiltak for å lette godstransporten mellom EU, Moldova og Ukraina
Med stort fleirtal gav Europaparlamentet samtykke til avtaler mellom EU og Moldova og mellom EU og Ukraina for å lette godstransporten. Den russiske invasjonen i Ukraina har skapt store problem i transport av korn, drivstoff og andre viktige varer. Avtalene sikrar gjensidig rett til transitt for sjåførar frå EU, Moldova og Ukraina og også høve til å operere mellom landa utan spesifikke løyver. Parlamentet gav også samtykke til at ukrainske sjåførar kan køyre med sine nasjonale førarkort også i EU utan krav om eit internasjonal førarkort.

Semje om strengare reglar for utslepp av klimagassar
Rådet og Parlamentet oppnådde tysdag uformell semje om revisjon av innsatsfordelingsforordninga. Forordninga er del av EUs klimapakke Klar for 55. Semja medfører at alle EU-land får skjerpa krav til reduksjon i utslepp og at EUs felles utsleppsmål for 2030 for såkalla ikkje-kvotepliktig sektor blir skjerpa frå 30 til 40 prosent målt i høve til nivået i 2005. Det blir mindre fleksibilitet til å overføre, låne eller spare utsleppskvoter og det skal vere auka openheit om nasjonale tiltak. Semja må formelt vedtakast i Rådet og Parlamentet. 

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 11.11.2022 11:39
: