Plenumsmøte til Europaparlamentet 18. – 21. oktober
Europaparlamentet møttes til plenumsmøte i Strasbourg 18. – 21. oktober. Her er omtale av nokre av dei sakene som var drøfta og handsama under sesjonen: debatt om Kommisjonens arbeidsprogram og om toppmøtet, Covid-vaksiner, Polen og abortforbod, COP26, Kommisjonens jordbruksstrategi, Frontex, Europol, Pandora-papira, sosial agenda, mediafond, Sakharov-prisen til Aleksej Navalnyj, styrka tilhøve til Taiwan og i konferansen om EUs framtid
Kommisjonens arbeidsprogram for 2022
Kommisjonen la fram sitt arbeidsprogram for 2022 19. oktober (sjå eige sak). Det omfattar ei oversikt over framlegg som skal kome neste år. Visepresident i Europakommisjonen, Maroš Šefčovič, presenterte programmet i Europaparlamentet 19. oktober, etterfølgd av ein kort runde med kommentarar frå dei politiske gruppene. I tillegg til ei summarisk gjennomgang av viktige framlegg, la han vekt på målet om ikkje å auke den administrative byrda av EU-reglar. Målet er derfor å oppheve eit regelverk om eit nytt blir vedtatt. Han la også vekt på at målet om å fullføre så mykje som mogleg innan valet til Europaparlamentet i 2024.
Kommentarane frå dei politiske gruppene var i stor grad positive og mange var opptatt av styrka innsats for å verne rettsstaten og vidare kamp mot covid og av global vaksineinnsats. Mange var opptatt av klimatiltak og både EPP og S&D etterlyste innsats for å ivareta den sosiale dimensjonen ved den grøne omstillinga. Den liberale gruppa bad om ein felles EU-lov om skattlegging basert på semja i OECD og høgare ambisjonar for handel og migrasjon. Den grøne gruppa bad om styrka innsats på klimaområdet og raskare omstilling til fornybar energi for å bli mindre avhengig av Russland. Ytre høgre-gruppa (ID) meinte Kommisjonen ville komme med for mange framlegg og i staden burde fokusere på gjennomføring. Europeisk forsvar bør byggje på eksisterande strukturar og det er behov for meir innsats for å styrke internasjonal handel. Den konservative gruppa (ECR) la vekt på å styrke EUs autonomi og å unngå at EUs politikk mellom anna på klimaområdet fører til auka fattigdom eller større skilnader mellom regionar. Det er behov for reform av Schengen og migrasjonssystemet for å sikre eit bærekraftig system som også hindrar irregulær migrasjon. Ytre venstre-gruppa (Left) meinte EU ikkje tek fattigdom på alvor og at det må bli slutt på å sjå energi som ei ordinær vare. Det er også nødvendig å sjå på marknaden for karbon.
Debatt om toppmøtet
Kommisjonspresident Ursula von der Leyen og den slovenske utanriksministeren Logar deltok i ein debatt onsdag om EU-toppmøtet 21. og 22. oktober. I tillegg til rettsstatsituasjonen i Polen, var det mange som tok opp energiprisar og covid-vaksiner. Logar la mellom anna vekt på behovet for å styrke EUs helseberedskap og å sikre meir covid-vaksinering i heile EU og fleire vaksiner globalt. Han viste til at toppmøtet ville drøfte tiltak mot energiprisane i tillegg til COP26 og biodiversitet. Det er viktig å løfte EUs handelsagenda for å styrke EUs globale rolle. Den digitale agendaen er viktig for å styrke EUs konkurransekraft. Cybersikkerheit er viktig i den samanhengen. Han viste også til toppmøta med Asem og med landa omfatta av den austlege partnarskapen seinare i år. Von der Leyen viste i sitt innlegg til at det hadde vore ein grundig debatt om Polen dagen før og at ho derfor ville fokusere på andre punkt som skulle drøftast på toppmøtet. Ho la spesielt vekt på energimarknaden og framheva at den grøne given er grunnleggjande for å bli sjølvforsynt med energi. Ho nemde også at Noreg har lova å auke sine leveransar av gass. Det er viktig å auke ambisjonane på COP26 fordi verda ikkje er i rute til å nå måla i Paris-avtalen.
Sjølv om von der Leyen ikkje snakka om Polen og rettsstat, var det mange av representantane som tok opp dette også i denne debatten. Vi må snakke om elefanten i rommet vart det mellom anna sagt. I tillegg var det mange som tok opp dei same sakene som i debatten om Kommisjonens arbeidsprogram, inkludert meir aktive grep for å avhjelpe energiprisar, vidare kamp mot covid og få fortgang i behandlinga av migrasjonspakta samt handelspolitikk. Med adresse til Logar viste Den grøne gruppa til at den slovenske statsministeren nyleg hadde kome med twittermeldingar med konspirasjonsteoriar og antisemitisme og sa det er nødvendig å slå ring om demokratiske verdiar. Ytre høgre-gruppa (ID) og den konservative gruppa (ECR) gjentok at EU må fokusere på noko anna enn indre tilhøve i enkelte medlemsland og slutte å regelrett mobbe Polen og andre land. Det er viktig å fokusere på å gjenreise økonomien etter pandemien og verne EUs yttergrenser.
Meir innsyn i Covid-vaksiner
Det må bli meir innsyn både i utvikling, innkjøp og distribusjon av covid-vaksiner. Det slår eit fleirtal i Europaparlamentet på 458 mot 149 representantar og 86 som avsto, fast i ein resolusjon som vart vedteke 21. oktober. Mellom anna bør avtaler, prisar og testdata blir gjort offentleg og det er viktig med god kommunikasjon for å overvinne vaksineskepsis. Både EU og private selskap bør bidra til global vaksinering. Sentrum høgre-gruppa (EPP) hadde saksordføraren og støtta rapporten i petisjonskomiteen. Mange i gruppa valde å røyste mot rapporten i plenumsmøtet fordi dei meinte den mellom anna gjekk for langt i kritikk av Kommisjonen og på grunn av formuleringar som kunne tolkast som støtte til å oppheve patentrettar. Politico skreiv 22. oktober at ei gruppe representantar frå Den grøne gruppa førebur eit søksmål mot Kommisjonen på grunn av det dei meiner er mangelfult innsyn i kontraktar.
Situasjonen i Polen eitt år etter eit de facto abortforbod
I tillegg til ein diskusjon om rettsstatsituasjonen i Polen, var det også ein diskusjon om status i landet eitt år etter ein dom som i praksis gjer abort forbode. Både Kommisjonen og Rådet framheva at abortlovgjeving er eit tema som er nasjonal kompetanse, men likestillingskommissær Dalli viste til at medlemslanda likevel har plikt til å respektere menneskerettane. Ein dom frå Den europeiske menneskerettsdomstolen har slått fast at manglande tilgang til abort er eit brot på retten til familie og privatliv. I debatten kom det ikkje uventa støtte til Polen frå ytre høgre-gruppa (ID) og den konservative gruppa (ECR), medan representantar frå andre grupper kritiserte lovgjevinga i landet og bad om press mot den polske regjeringa. Ein resolusjon om temaet vil kome til votering på neste plenumsmøte.
Ambisjonar for COP26
Europaparlamentet vedtok med stort fleirtal ein posisjon for COP26-møtet i Glasgow. Parlamentet vil ha kraftigare globale klimatiltak og ber om at alle G20-landa forpliktar seg til å oppnå klimanøytralitet innan 2050. Det er også behov for meir klimafinansiering for å hjelpe dei fattigaste landa. Parlamentet vil også ha ein avtale om kutt i metanutslepp i Glasgow og meiner mentankutt er den mest kostnadseffektive måten å kutte klimautsleppa på. Europaparlamentet vil vere representert med ein delegasjon på klimatoppmøtet.
Støtte til Kommisjonens jordbruksstrategi
Eit fleirtall i Europaparlamentet på 452 mot 170 røyster og 76 som avsto, støtter ein resolusjon Kommisjonens jordbruksstategi Frå jord til bord. Parlamentet ynskjer mellom anna tiltak for å sikre trygg mat, redusert bruk av antibiotika og plantevernmiddel, mindre utslepp av drivhusgassar, betre dyrevelferd og meir areal til økologisk landbruk. Europakommisjonen har varsla ei rekkje rettsakter knytt til dei ulike elementa i strategien.
Kritikk av Frontex
Europaparlamentet frys delar av 2022-budsjettet til EUs grense- og kystvaktbyrå (Frontex) på grunn av misnøye med fleire tilhøve. Dette omfattar manglande tilsetting av folk som skal overvake at grunnleggjande rettar blir respektert og manglande system for å overvake slike rettar i tillegg til manglande etablering av mekanismar som skal sørge for at alvorleg hendingar blir rapportert.
Klart for forhandlingar om Europol
Europaparlamentet ga med stort fleirtal samtykke til komitéinnstillinga knytt til endringar i Europol-forordninga. Endringane knyter seg mellom anna til Europols tilgang til data frå private aktørar. Europaparlamentet sa ja til dette, men ynskjer samstundes at Det europeiske datatilsynet skal få ei styrka rolle i overvakinga av praksisen. Den grøne gruppa røysta mot endringane. Europaparlamentet og medlemslanda i Rådet er dermed klare for forhandlingar om den endelege utforminga av forordninga.
Pandora-papira
Europaparlamentet vedtok med stort fleirtal ein resolusjon den 21. oktober som tek til orde for ei grundig gransking av avsløringane som kom i Pandora-papira og som har skjedd i EUs jurisdiksjon. Det er viktig å tette smotthol som gjer aggressiv skattetilpassing og kvitvasking mogleg. Kommisjonen må ta grep mot land som ikkje har gjennomført vedtekne EU-reglar knytt til dette. Parlamentet ynskjer slutt på ordningar der rike tredjelandsborgarar kan kjøpe seg statsborgarskap eller rett til busetting i EU-land.
Sosial agenda
Europarlamentet vedtok med eit knapt fleirtal på 347 mot 162 røyster og heile 191 som avsto, ein resolusjon som tek til orde for å styrke den sosiale dimensjonen til Det europeiske semester. Resolusjonen som var parlamentets vurdering av sysselsettings- og sosialpolitikken i euroområdet i 2021. Fleirtalet tek til orde for styrka solidaritet, sosial rettferd og inkludering, og legg også vekt på tiltak for rettferdig fordeling, likestilling og betre offentlege tenester. Ytre høgre-gruppa (ID) og den konservative gruppa (ECR) røysta mot resolusjonen og sentrum høgre-gruppa (EPP) avsto.
Mediefond og betre vilkår for kulturarbeidarar
Europaparlamentet meiner det må gjerast meir for å støtte europeisk media. Både pandemien og andre utfordringar gjer at uavhengig journalistikk er truga. Konsentrasjon av eigarskap kan føre til redusert mediemangfald og globale plattformar forstyrrar også sektoren. I resolusjonen som vart vedteke tek Europaparlamentet til orde for å opprette eit fast mediefond for å sikre uavhengig journalistikk i Europa.
I ein annan resolusjon seier Europaparlamentet at det hastar med å betre dei sosiale vilkåra til kunstnarar og andre kulturarbeidarar. Mange av dei har svært ustabile levekår og både forfattarar og utøvarar treng betre vern frå dominante strømmetenester. Det bør etablerast eit felles rammeverk for arbeidsvilkår og minstestandardar i EU-landa.
Sakharov-prisen til Aleksej Navalnyj
Aleksej Navalnyj er tildelt Sakharov-prisen for 2021. Det annonserte Heidi Hautala, visepresident i Europaparlamentet 20. oktober. Ho bad samstundes om at han må bli frigjeven med ein gong. Prisen vil bli delt ut i desember.
Styrka tilhøve til Taiwan
EU bør styrke tilhøvet til Taiwan mellom anna ved å inngå ei bilateral investeringsavtale med landet. Det slår Europaparlamentet fast i ein resolusjon som vart vedtatt med 580 mot 26 røyster og 66 som avsto. Europaparlamentet peiker på at Taiwan er ein partnar og demokratisk alliert og meiner EU må gjere meir for å handtere kinesisk press og for å verne demokratiet i Taiwan.
Delsesjon i konferansen om EUs framtid
I etterkant av plenumsmøtet i Strasbourg gjekk den andre plenumssesjon i konferansen om EUs framtid av stablen i helga. Både nasjonale parlamentarikarar og Europa-parlamentarikarar, representantar frå nasjonale regjeringar, Kommisjonen, sivilsamfunnet, dei sosiale partane og innbyggjarar deltok. Tema denne helga var innspel frå ulike borgarpanel som har vorte invitert til å kome med synspunkt knytt til mellom anna demokrati, verdiar, klima og EUs rolle i verda. Ein sluttrapport frå Konferansen skal leggast fram neste år.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg