Samandrag

Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke fullmakta til å inngå forpliktingar ut over gitt løyving under kap. 900 post 21 frå 7,5 mill. kroner til 11,5 mill. kroner, jf. forslag til vedtak II.

Post 75 Tilskot til særskilde prosjekt

NHD gjer framlegg om at løyvinga blir tilføydd stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak III.

Kap. 904 Brønnøysundregistra

Post 1 Driftsutgifter

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1,409 mill. kroner, frå 322,8 til 321,391 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 1560 post 22.

Post 22 Forvalting av Altinn-løysinga, kan overførast

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 9 mill. kroner, frå 258,5 til 267,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 3904 post 3.

Kap. 906 Direktoratet for mineralforvalting med Bergmesteren for Svalbard

Post 30 Sikrings- og miljøtiltak, kan overførast

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 10,7 mill. kroner, frå 10,7 mill. kroner til 0.

Kap. 909 Tiltak for sysselsetting av sjøfolk

Post 73 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk, overslagsløyving

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 50 mill. kroner, frå 1 600 til 1 650 mill. kroner.

Kap. 922 Romverksemd

Post 70 Kontingent i European Space Agency (ESA)

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner, frå 146,4 til 147,9 mill. kroner.

Post 71 Internasjonal romverksemd

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner, frå 306,9 til 308,2 mill. kroner.

Post 73 EU sine romprogram

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2,7 mill kroner, frå 195,7 til 198,4 mill. kroner.

Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram

Post 70 Tilskot

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 11,5 mill. kroner, frå 100 til 88,5 mill. kroner.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner, frå 25,7 til 17,7 mill. kroner.

Post 96 Aksjar

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 861,7 mill. kroner, frå 1 200 til 2 061,7 mill. kroner.

Kap. 953 Kings Bay AS

Post 70 Tilskot

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 8,5 mill. kroner, frå 27,5 til 19 mill. kroner.

Kap. 960 Raufoss ASA

Post 71 Refusjon for miljøtiltak

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 1,4 mill. kroner, frå 8,2 til 6,8 mill. kroner.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 4,15 mrd. kroner, frå 42,55 til 46,7 mrd. kroner.

Kap. 2429 Eksportkreditt Noreg AS

Post 70 Tilskot

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 5 mill. kroner, frå 110 mill. kroner til 105 mill. kroner.

Post 90 Utlån

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 3,2 mrd. kroner, frå 28,5 til 25,3 mrd. kroner.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra

Post 1 Gebyrinntekter

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 15 mill. kroner, frå 520 til 535 mill. kroner.

Post 3 Refusjonar og inntekter knytt til forvalting av Altinn-løysinga

Løyvinga foreslås auka med 9 mill. kroner, frå 55 til 64 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 904 post 22.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap

Post 71 (Ny) Gebyrinntekter frå lån til SAS-konsernet

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ei løyving på ny post 71 på 18,8 mill. kroner.

Post 96 Sal av aksjar

I statsbudsjettet for 2013 er det løyvd 25 mill. kroner i inntekter frå mogelege statlege aksjesal. Endelege og fullstendige inntektsbeløp for dei einskilde aksjesala er føresett løyvd i løpet av budsjettåret når transaksjonane er avklara eller gjennomførde, enten i eigne proposisjonar eller i dei faste endringsproposisjonane i vår- og haustsesjonen.

Tilbakekjøpsavtalar

Nærings- og handelsdepartementet inngjekk i 2012 tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Telenor ASA og Yara International ASA.

Telenor ASA

Generalforsamlinga i Telenor ASA ga i mai 2012 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 80 millionar eigne aksjar, tilsvarande om lag 5 pst. av selskapet sin aksjekapital. Fram til februar 2013 kjøpte selskapet 19 943 900 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 23 379 635 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Telenor ASA i mai 2013. Etter at kapitalnedsettinga hadde trått i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 2 544,2 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 54 pst.

Yara International ASA

Generalforsamlinga i Yara International ASA ga i mai 2012 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 5 pst. av eigne aksjar, tilsvarande om lag 14,2 mill. aksjar. Fram til 30. august 2012 kjøpte selskapet 3 640 000 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane, og 2 066 354 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Yara International ASA i mai 2013. Etter at kapitalnedsetjinga var sett i kraft, fekk staten utbetalt eit vederlag på 532,8 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,2 pst.

Mesta AS – Tilbakeføring av aksjekapital

Generalforsamlinga i Mesta AS vedtok i mai 2013 at selskapet sin aksjekapital skulle setjas ned med 500 mill. kroner, 65,1 mill. kroner blir tilbakeført til staten som eigar og 434,9 mill. kroner blir heldt attende i selskapet som annan eigenkapital.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3 117,1 mill. kroner, frå 25 til 3 142,1 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 3,8 mrd. kroner, frå 42,4 til 46,2 mrd. kroner.

Post 91 Tilbakeført kapital, såkornfond

Fond oppretta 1997–2000

Ifølgje låneavtalane for såkornfonda som blei oppretta i perioden 1997–2000 skal dei attverande låna tilbakebetalast Innovasjon Noreg innan 31.12.2013. Utviklinga så langt har vist at det vil bli krevjande å få realisert porteføljen i dei fire attverande fonda. Det er derfor neppe mogeleg å gjere opp låna innan årsskiftet. Nærings- og handelsdepartementet vil følgje utviklinga og legg opp til å kome attende med ei nærare utgreiing og framlegg om naudsynte løyvingar, på eit seinare tidspunkt.

Landsdekkjande fond oppretta 2005

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 8,8 mill. kroner, frå 10 til 1,2 mill. kroner.

Kap. 5329 Eksportkreditt Noreg AS

Post 70 Gebyr m.m.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 55 mill. kroner, frå 25 mill. kroner til 80 mill. kroner.

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 3,7 mrd. kroner, frå 3,3 mrd. kroner til 7 mrd. kroner.

Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg

Post 80 Renter på lån frå statskassa

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 45 mill. kroner, frå 300 til 255 mill. kroner.

Kap. 5629 Renter frå Eksportkreditt Noreg AS

Post 80 Renter

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 95 mill. kroner, frå 1 020 til 925 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting

Post 85 Utbyte

I høve til tidlegare overslag for utbyte er innbetalt utbyte frå selskapa om lag 40,5 mill. kroner lågare. Dette skuldast hovudsakeleg at det var lagt til grunn eit utbyte på 300 mill. kroner frå Mesta AS. Faktisk utdelt utbyte frå Mesta utgjorde 234,9 mill. kroner. Dei resterande 65,1 mill. kroner blei tilbakeført statskassa i samband med nedsetjing av selskapet sin aksjekapital, jf. omtale under kap. 3950 post 96. På den andre sida er innbetalt utbyte frå Argentum Fondsinvesteringer AS og Statkraft SF noko høgare enn opphaveleg lagt til grunn.

Nærings- og handelsdepartementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga med 40,453 mill. kroner, frå 13 000,153 til 12 959,7 mill. kroner.