Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kva regjeringa gjer for å sikre forsvarlege pasientreiser, og kvifor ikkje køyring i eigenregi er ei mogleg transportløysing for pasientane med dårlegast helse
Datert: 03.01.2019 Besvart: 09.01.2019 av helseminister Bent Høie
Kjersti Toppe (Sp): I to ferske tilsynsrapportar får Pasientreisekontoret ved Oslo universitetssykehus knallhard kritikk. Fylkesmannen konkluderer med brot på forsvarlegheitskravet i spesialisthelsetenestelova § 2-2. Stortinget har vedtatt å be regjeringa gjere ein brei gjennomgang av regelverket for pasientreiser og fremme sak for Stortinget med tiltak for å forbetre ordninga. Men ingenting har skjedd på eitt år. Kva gjer regjeringa for å sikre forsvarlege pasientreiser, og kvifor er ikkje køyring i eigenregi ei mogleg transportløysing for pasientane med dårlegast helse?