Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2442 (2022-2023)
Innlevert: 05.06.2023
Sendt: 05.06.2023
Besvart: 12.06.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselsministeren lytte til lokaldemokratiet og faktisk følge opp det han sjølv har sagt i Stortinget om å ha respekt for lokaldemokratiet, no når både Ålesund kommune og Vestnes kommune sier klart og tydeleg NEI til Møreaksen?

Begrunnelse

I fleire debattar i Stortinget og i replikkordskifter har samferdselsministeren gong etter gong vist til at lokaldemokratiet er "SÅ" viktig og at dette må ein ha respekt for i sak etter sak.
Ikkje vil samferdselsministeren instruere lokaldemokratiet med øyremerking eller prioriteringar i viktige saker som til dømes ang vegvedlikehold som no i eigen rapport frå Riksrevisjonen slår fast med bakgrunn i manglande vegvedlikehold tar liv på både fylkes og riksvegar.
I Møre og Romsdal har det i mange år vore ei svært betent sak ang prioritering og mulig bygging av ein veg til no over 25 milliard kr til 2292 bilar i døgnet over Romsdalsfjorden, ang prosjektet MØREAKSEN.
I store meiningsmålingar har folket klart og tydeleg sagt ifrå at Møreasken vil ein ikkje har, med sine lange undersjøiske tunellar ned på 3-400 m under fjorden.
Eit samla fylkesting, kommunane samt NHO og det meste av næringslivet har peika på pri 1 i fylket som er E-136 frå Ålesund til Bjorli. Denne svært klare prioriteringa har vore slik i snart 30 år, utan at Statens vegvesen har fått dette med seg.
For kort tid sidan la utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen fram sine prioriteringar, der dei hadde tenkt å ta heilt ut av NTP, "Exportvegen E-136 frå Moa til Ørskogfjellet", dette begrunna i at dei sjølve, altså Statens vegvesen, IKKJE hadde verken planlagt eller prosjektert denne strekninga.
Dette sjølv om altså absolutt alle har prioritert denne "livsnerven"av ein veg i fylket, så har statens vegvesen bevist flytta det meste av planleggingsmidlane til Møreaksen, eit prosjekt som folket ikkje vil ha.
No er det igjen ute høyring i kommunane for priotering til NTP, og ifølge samferdselsminisyeren er det svært viktig å lytte til lokaldemokratiet.
I høyringsbehandlinga til Ålesund og Vestnes kommune der store delar av Møreaksen mellom Ålesund og Molde skal gå, og dei som angjeveleg skulle få ein SÅ stor bu og arbeidsmessig effekt av dette fjordkryssingsprosjektet til Molde,
- så seie altså Ålesund NEI til Møreasken, og Vestnes seier NEI til Møreasken, og peikar på at E-136 og andre vegar i fylket er svært mykje viktigar.
Også E-39 Veibust-Blindheim til Moa som er den mest ulykkesutsatte vegen i fylket og regionen sin dødsveg er langt viktigare enn Møreasken.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: I Nasjonal transportplan 2022-2033 er E39 Ålesund-Molde omtalt som eitt av prosjekta med oppstart i første seksårsperiode av gjeldande NTP 2022-2033. Prosjektet omfattar både ferjefri kryssing av Romsdalsfjorden og utbetring av vegen mellom Breivika i Ålesund kommune og Ørskogfjellet i Vestnes kommune, der E39 og E136 har ei fellesstrekning. Ansvaret for utbygging av E136 mellom Vestnes og Dombås er gitt til Nye Veier AS.
Transportetatane har kome med innspel til Nasjonal transportplan 2025-2036. Statens vegvesen har foreslått ei endring i porteføljen av store riksvegprosjekt. Nokre prosjekt er foreslått tatt ut, nokre er skalert ned og nokre er delt i etappar. Grunngjevinga for desse endringane er at prosjekta ikkje er tilstrekkeleg avklart, at det ikkje er semje om løysingane eller at det er stor kostnadsauke. Statens vegvesen har foreslått å ta ut E39 Breivika-Vik av prosjektet E39 Ålesund-Molde, slik at dette no berre gjeld E39 Vik-Molde.
Innspela frå transportetatane er no ute på høyring. Det har allereie kome inn fleire merknadar i høyringa. Alle merknadar som kjem inn blir lagt ut på Samferdselsdepartementet si heimeside. Departementet vil gå gjennom alle merknadane når høyringsfristen er ute. Merknadane vil vere viktige for regjeringa i vårt arbeid med prioriteringar.
Regjeringa vil leggje fram forslag til Nasjonal transportplan 2025-2036 til Stortinget våren 2024.