Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1083 (2018-2019)
Innlevert: 26.02.2019
Sendt: 26.02.2019
Besvart: 06.03.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): Det har kommet fram i mediene at det faktisk kan bli mangel på nye togsett med det nødvendige utstyret for nytt signalsystem (ERTMS) når Follobanen står ferdig. Bestilling av nye togsett gjennom Norske Tog har ennå ikke blitt levert, og leveringstida kan hindre at nye tog er på plass før Follobanen åpnes.
Kan statsråden garantere at nye tog er på plass ved Follobanens åpning i 2022?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Denne regjeringa satsar på jernbana. 150 nye togsett av typane 74 og 75 (Flirt), naudsynt for å erstatte gamalt materiell og styrke kapasiteten i trafikken, er bestilt. Den 3. mars vart tog nummer 106 tatt i bruk.
Når Follobana opnar i 2022, vil toga frå Østfold nytte seg av den nye bana. Lokaltoga mellom Ski og Oslo, linje L2, vil halde fram med å trafikkere den gamle bana. Bane NOR sin plan for utbygging av ERTMS på jernbanenettet, legg opp til at strekninga Oslo-Ski på Østfoldbana vil bli blant dei første strekningane som får det nye signal- og sikringssystemet installert. Toga som i dag er i trafikk på linje L2, er eldre motorvognsett av type 69. Desse togsetta har nådd sin tekniske levealder og vil difor ikkje få ERTMS-utstyr installert.
Det er satt i gang ein prosess for å erstatte dei gamle toga. Nyskaffing av togsett er eit stort og omfattande prosjekt, med ein kostnad på fleire milliardar kroner. Eg er difor opptatt av at vi er sikre på at vi både kjøper tog som er godt egna, og at vi kjøper det talet tog som er naudsynt. Dette arbeidet er godt i gang, og Jernbanedirektoratet har levert ein plan som ser på nyskaffing av tog både til erstatning for gamalt materiell og for komande vekst i tilbodet. På grunn av omfanget og kompleksiteten i nyskaffinga, er det òg naudsynt med ei ekstern kvalitetssikring av avgjerdsgrunnlaget. Ei ekstern kvalitetssikring gir oss tryggleik for at vi kjøper det vi bør, og bruker skattepengane riktig.
Framdrifta for nyskaffinga er koordinert mot utbygginga av ERTMS.