Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til kulturministeren

Dokument nr. 15:912 (2016-2017)
Innlevert: 28.03.2017
Sendt: 29.03.2017
Besvart: 05.04.2017 av kulturminister Linda Hofstad Helleland

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Stadnamnutvalet har vedteke å endre bygdenamnet Vassgård, i Eide kommune i Møre og Romsdal, til Vasskor. Dei som bur i bygda vil ikkje merke postkassane sine med det nye namnet og nektar å ta imot og returnerer post med den nye adressa Vasskor. Det einaste bygdefolket krev er å få behalde det opprinnelege bygdenamnet sitt Vassgård.
Kva vil statsråden gjere med at det som framstår som eit brot på stadnamnlova har ført til at bygdenamnet Vassgård, brukt gjennom meir enn 100 år, er endra til Vasskor?

Begrunnelse

Stadnamnutvalet har bestemt å endre bygdenamnet Vassgård i Eide kommune, som har vore bygdas namn i meir enn 100 år. Det nye namnet Vasskor ville ingen i bygda ha og difor reiv dei ned skiltet med Vasskor, som Statens Vegvesen sette opp 1. februar 2017.
Eide kommunestyre har to gonger samrøystes vedteke at bygdenamnet skal vere uendra og at bygda framleis skal heite Vassgård.
Desse vedtaka er neglisjerte av stadenamnutvalet, Saka gjekk difor til klagenemnda for stadnamn. Klagenemnda gjorde ikkje det den skulle, men gjorde vedtak om å endre namnet til eit nytt namn Vasskor. Klagenemnda gjorde eit nytt enkeltvedtak, som elles forvaltningslova gjev klagerett. Det er vel og lite tvilsamt at klageorganet her har gått utover sitt mandat.
Prosessen i kommunen og seinare stadnamnutvalet i Kartverket har i telefon vedgått at prosessen med høyring ikkje vart følgd då det er krav om at bygda skal få høve til å uttale seg og ikkje få tredd vedtak nedover hovudet slik som i denne saka.
Når ei bygd misser namnet slik som Vassgård har gjort i denne saka må dette vere eit brot på føremålsparagrafen i stadnamnlova.
Når stadnamnutvalet køyrer over bygdenamnet slik at dei tvingar på bygda eit nytt namn som ingen vil merke postkassane sine med og nektar å ta imot post merka med det nye bygdenamnet Vasskor, må det vere noko demokratisk gale når fleire saksbehandlingsfeil ligg bak og er grunnen til det nye namnet. Det nye bygdenamnet må slik vere ulovleg og må underkjennast og bygda må få tilbake det rette namnet sitt som var Vassgård og som alle i bygda ønskjer å behalde.

Linda Hofstad Helleland (H)

Svar

Linda Hofstad Helleland: Saken gjelder skrivemåten av det som i mange hundreår har vært navnet på bygda. Det ble fastsatt en skrivemåte i 2002 (Vasskord), og i 2008 ble det åpnet for å vurdere saken på nytt. I 2014 fastsatte klagenemnda for stedsnavnsaker skrivemåten Vasskor.
I saker som dette er det Statens kartverk som har vedtaksrett. Statens navnekonsulenter gir tilråding, og sakene blir sendt på lokal høring. Det er vanlig klageadgang etter forvaltningsloven, og dersom Kartverket ikke gjør om vedtaket, blir saken avgjort av en uavhengig klagenemnd, slik som i denne saken. Jeg er ikke kjent med at det er gjort formelle feil fra Kartverket eller stedsnavnskonsulentene i denne saken.
Klagenemndas vedtak i en klagesak er endelige og kan ikke påklages. Dette er i samsvar med allmenne forvaltningsrettslige regler. Domstolene kan prøve om vedtakene i nemnda er lovlige. Det må i så fall reises sivil sak om at et vedtak i nemnda er ugyldig.
Om bakgrunnen for den valgte skrivemåten viser jeg til vedtak i Klagenemnda for stedsnavnsaker av 7.11. 2014, jf. vedlegg.
Kulturdepartementet har nå igangsatt et arbeid med gjennomgang av stedsnavnloven med sikte på at en kommunes vedtak i navnesaker skal tillegges større vekt, herunder hvor den endelige kompetansen til å fastsette stedsnavn skal ligge.
Jeg har forståelse for at det kan vekke engasjement lokalt at skrivemåten av bygdenavnet fastsettes av sentrale myndigheter.

Vedlegg: Vedtak i Klagenemnda for stadsnavnsaker av 7.11. 2014.

Lenke til vedlegget i pdf-format