Valet er ditt

«Valet er ditt» er Stortingets læringspill for barn/ungdommer som er elevar på 8.-10. trinn. Spelet finst både på Stortinget og som klasseromsversjon. Dei to versjonane av spelet er like.

Kriterium

  • «Valet er ditt» er for barn/ungdommar som er elevar på 8.-10. trinn.
  • Deltaking krev gode norskkunnskapar.
  • Det må vere minst 10 elevar for å kunne spele «Valet er ditt».
  • Det samla talet personar, inkludert lærarar/følgjespersonar, kan ikkje overstige 34. 

Praktisk informasjon

  • Besøket varer i cirka 2,5 timar (inkludert tryggingskontroll, omvising og læringsspel).
  • Det er gratis å delta i «Valet er ditt».
  • Når du har bestilt besøk, vil du få ein e-post med informasjon du må set deg inn i.

Tilgjengelegheit og universell utforming

Stortinget er tilrettelagt for besøkjande med nedsett funksjonsevne.

Innhald i besøket

Besøket består av ei omvisning i stortingsbygningen, deretter læringsspelet «Valet er ditt».

I «Valet er ditt» skal elevane sjølv vere politikarar. Elevane gjer val og prioriteringar for framtidas Noreg, og får øvd seg på argumentasjon og debatteknikk.

Spelet startar med at elevane blir delt inn i grupper, som lagar partiprogramma sine. Partia presenterer  politikken sin for resten av klassen, og elevane utfordrar kvarandre på kvifor dei har prirotert som dei har gjort. Til slutt blir det avhalde val og det blir kåra ein vinnar. 

Klasseromsversjon av «Valet er ditt»

«Valet er ditt» finst også som klasseromsversjon. Dei to versjonane er like. Vi tilrår derfor at klassar som skal til Stortinget for å spele  «Valet er ditt» ikkje gjer det i klasserommet i tillegg. Det er ikkje mogleg å søkje om reisetilskot i samband med klasseromsversjonen av «Valet er ditt».

Sjå nettversjon av «Valet er ditt»

 

Delta i «Valet er ditt»? Dette må du vite:

  • «Valet er ditt» er for barn/ungdommar som er elevar på 8.-10. trinn.
  • Deltaking krev gode norskkunnskapar.
  • Du må søkje om plass i «Valet er ditt». Vi kan ikkje garantere at alle som søkjer får plass.
  • De kan bli tildelte ei anna tid enn de søkte om.
  • Klassar med lang reiseveg kan søkje om reisetilskot. Lærar har sjølv ansvar for å setje seg inn i regelverket for reisetilskot.

Du må søkje om plass

Skoleklasser som ønskjer å besøkje dei stadlege læringsspela våre må søkje om plass. Etterspurnaden er større enn tilbodet vi har tilgjengeleg, vi kan derfor ikkje garantere at alle som søkjer får plass.

Alle søknader om plass må gjerast på nett, og du kan søkje i ein avgrensa periode. Vi behandlar berre éin søknad per klasse. Du får svar på søknaden din 7-10 dagar etter utløpet av fristen.

Geografisk spreiing av plassar

Plassane blir fordelte med ei geografisk spreiing, for å nå flest mogleg elevar i heile landet. Den geografiske fordelinga av læringsspel tek utgangspunkt i talet på elevar per fylke og talet på tilgjengelege læringsspel. Det blir rekna ut kor stor prosentdel av dei tilgjengelege læringsspela og tilskotet som dei ulike fylka skal tildelast, basert på talet på elevar i det aktuelle fylket.

Når fristen for å søkje om plass i læringsspel og reisetilskot har gått ut, blir plassane og reisetilskotet fordelt og stadfesta til skulane, eventuelt avslått.

Tildeling av dato/tid

Når mange søkjar om same dato/tid, gjer vi loddtrekking. De kan derfor bli tildelte ein annan dato/tid enn de har søkt om. Vi tilrår at de er fleksible med omsyn til dato og tid.

Datoen de blir tildelte er endeleg. Viss de ønskjer ein annan dato, må de kansellere besøket og bestille ny tid på nettsida.

  • Frå 2.-6. juni kl. 15.00 kan du søkje om plass i «Valet er ditt» og reisetilskot for perioden 25. august-14. november 2025
  • Frå 11.-15. august kan du søkje om plass i «Valet er ditt» og reisetilskot for perioden 17. november 2025-13. februar 2026.
  • Søknadsfrist for plass i «Valet er ditt» og reisetilskot våren 2026, blir publisert i løpet av hausten 2025.

Fristen for å søkje om plass i Valet er ditt i perioden 25. august-14. november har no gått ut.