Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Saksgangen etter 1.10.2009 – tekstversjon

Her finn du ei tekstbasert oversikt over saksgangen mellom regjering og Stortinget. Oversikta forklarer kven som gjer kva og kva publikasjonar som tilhøyrer dei ulike delane av saksgangen. 

Regjeringa tek opp saker på eige initiativ eller på initiativ frå andre. Ofte blir det oppnemnt eit spesielt utval til å greie ut ei sak.

Departementa behandlar saka. Det blir utarbeidd ein proposisjon (forslag til stortingsvedtak) eller ei melding til Stortinget (om for eksempel verksemder på eit bestemt område.) 

Regjeringa behandlar saka i statsråd og fremmar proposisjonen eller meldinga til Stortinget.

Proposisjon til Stortinget – forslag til vedtak frå regjeringa.

Melding til Stortinget – inneheld orienteringar til Stortinget om ulike sider ved statleg verksemd, eventuelt tilbaketrekking av forslag og liknande.

Stortingsrepresentant fremmar representantforslag.

Representantforslag (dokument nr. 8) – forslag sett fram av medlem av Stortinget.

Stortinget mottek sakene og sender dei til ein fagkomité.

Komiteen (som har behandla gjeldande sak) avgir innstilling.

Stortinget får innstillinga til behandling.

Her deler den vidare saksgangen seg i to ulike løp avhengig av om det er ei lovsak eller ikkje.

Dersom det er ei lovsak:

Lovsaker blir behandla i Stortinget første gong, og lovvedtak blir fatta.

Stortinget behandlar saka for 2. gong og gjer endeleg lovvedtak. Ved usemje etter 2. gongs behandling blir lovsaka behandla for 3. gong i Stortinget.

Kongen i statsråd – Kongen og statsministeren underteiknar.

Dersom det ikkje er ei lovsak:

Andre saker enn lovsaker blir behandla i Stortinget og stortingsvedtak blir fatta. 

Sist oppdatert: 26.09.2022 23:23
: