Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Når dei talarane som har teikna seg, har hatt ordet, kunngjer presidenten at debatten er slutt. Sakene blir tekne opp til avrøysting på eit tidspunkt som presidentskapet har fastsett på førehand.
Dersom det er fleire framlegg i ei sak, skal presidenten ta kvart av dei opp til avrøysting i logisk rekkjefølgje. Voteringsordninga må vere oppgjeven og godteken på førehand.
Ein representant som ikkje er til stades i salen når presidenten kunngjer at voteringa har starta, er ikkje med i avrøystinga. Dei representantane som er til stades, må ikkje forlate salen før voteringa er ferdig.
Avrøystinga blir ordna på éin av desse måtane eller ved ein kombinasjon av dei:
Ved at presidenten ber dei representantane som er for eller imot eit framlegg, om å reise seg. Presidenten kan også be om kontravotering.
Ved bruk av elektronisk voteringsanlegg.
Ved namneopprop. Dersom presidenten kjem til at namneopprop ikkje kan vere nødvendig, men ein representant set fram krav om opprop, avgjer Stortinget voteringsmåten utan debatt ved avrøysting etter bokstav a eller b. Oppropet tek til med det valdistriktet og den representanten som har fått nummeret sitt trekt ut ved loddtrekning på førehand. Oppropet held fram etter rekkjefølgja av representantane.
Ved setlar utan underskrift. Denne avrøystingsmåten blir berre brukt ved val og berre når det er sett fram fleire framlegg til det same vervet, eller når ein frammøtt representant krev det, eller når forsamlinga gjer vedtak om det etter framlegg frå presidenten. Dei som røystar, skal på setelen skrive namna på dei personane dei røystar på, og sjølve leggje setelen i urna. Dersom nokon røystar på fleire enn det skal veljast, skal det namnet eller dei namna som står sist på røystesetelen, ikkje reknast med.
Dersom det er halde avrøysting som nemnd under bokstav a eller b, men presidenten eller ein femtedel av dei som røystar, hevdar at utfallet ikkje kan reknast som sikkert, skal det haldast ny avrøysting etter bokstav b eller c.
Ved avrøysting etter § 60 første ledd bokstav a, b eller c blir saka avgjord med vanleg røystefleirtal, dvs. over halvparten av røystene, dersom Stortinget ikkje har bestemt noko anna. Dersom avrøystinga viser like mange røyster for og imot, er røysta til møteleiaren avgjerande når stortingspresidenten er møteleiar. Er ein annan president møteleiar, er røysta til møteleiaren avgjerande dersom avrøystinga gjeld korleis saka skal behandlast i Stortinget. Gjeld avrøystinga innhaldet i saka, fører likt røystetal til at det ikkje er gjort gyldig vedtak, og behandlinga av saka held fram i eit seinare møte. Dersom det blir likt røystetal også ved den nye avrøystinga, er røysta til møteleiaren avgjerande.
Ved avrøysting etter § 60 første ledd bokstav d er eit relativt fleirtal, dvs. fleire røyster enn for noko anna framlegg, avgjerande for utfallet av valet, dersom det ikkje i lov eller reglement eller for det einskilde tilfellet er bestemt at det skal krevjast meir enn halvparten av røystene for at nokon skal reknast som vald. Dersom nokon har levert blanke røystesetlar, skal desse setlane takast med i oppteljinga når det gjeld å slå fast om Stortinget er vedtaksført, men dei skal ikkje reknast med i sjølve røysteoppgjeret. Den som då har fleirtal av dei effektive røystene, blir rekna som vald. Dersom høgste røystetal ved avrøystinga fell likt på fleire, kan kvar representant straks krevje ny avrøysting mellom dei kandidatane som har fått likt røystetal. Dersom ingen kjem med eit slikt krav, eller dersom røystetalet blir likt også ved ny avrøysting, skal valet avgjerast med loddtrekning.