Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Språket i stortingsreferata

«Stortinget blir halde for opne dører, og forhandlingane blir kunngjorde på prent, så nær som i dei tilfella noko anna blir vedteke med røystefleirtal.»

(§ 84 i Grunnlova)

For 160 år sidan, i 1857, blei det vedteke å tilsetje stortingsstenografar til å skrive ned – og publisere – det fullstendige referatet frå forhandlingane i Stortinget. Debattane i Stortinget speglar samtida og blir etter kvart historiske dokument som kan gi oss viktig innsikt i politikk, haldningar og samfunnssyn.

Det har skjedd mykje på 160 år: innføring av parlamentarismen, språkstrid, unionsoppløysing, innføring av stemmerett for kvinner, to verdskrigar, styrking av rettane til utsette og sårbare grupper i samfunnet, som jesuittar, jødar, samar og homofile – viktige hendingar som har blitt debatterte, og debattane er igjen blitt nedskrivne og deretter kunngjort «på prent», som det heiter i Grunnlova, for tid og æve. 

I 160 år har stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer teke ordet i stortingssalen, og referentane har vore til stades og skrive ned det dei har sagt. Anten ein er engasjert, sakleg, irritert, skuffa, «djupt såra og vonbroten», glad, nokre gonger litt søvndyssande og andre gonger vel uparlamentarisk i språkbruken – alt blir skrive ned og publisert.

Representantar og regjeringsmedlemer bruker sin eigen dialekt frå talarstolen og vel sjølve kva målform dei vil bli referert på, anten på bokmål eller nynorsk. Hausten 2017 er fordelinga slik: 22 av 169 representantar blir refererte på nynorsk, dvs. 13 pst., medan dette berre gjeld éin av 19 statsrådar, nemleg landbruksminister Jon Georg Dale.

Oftast er representantar og statsråder godt førebudde når dei går på talarstolen. Dei les gjerne frå eit manus, noko som kan gjere talen nokså formell og korrekt. I replikkordskifta er det meir preg av improvisasjon og uformell tale. Dette gjeld òg for spontanspørjetimen.

Sjølv om «kvardagsprosa» er det mest vanlege frå talarstolen, hender det at dei folkevalde piffar opp debatten med både diktopplesing og song. I 2006 overraska Heikki Eidsvoll Holmås alle då han i samband med ein debatt om kommunesektoren i 2006 «rappa» frå talarstolen. Det blei referert på denne måten i Stortingstidende:

Heikki Holmås (SV) [13:28:43]:

Jeg har truffet mange
folk med liv som er kjipe.
De jobber dobbel nattejobb og kan ikke begripe
hvorfor kommunen sine leiligheter er blitt så dyre.
De spinker og sliter, men har knapt råd til hyre.
For når skattene går ned,
så ryker kommunene med,
og da skvises de som strever
i sitt ansikts sved.
Jeg er Heikki
fra Sosialistisk Venstreparti.
Jeg vil forandre verden,
skape ting i folks regi.
Folk som jeg, fra SV
– ja, det stemmer at vi
er på jakt på høyresiden,
og da skremmer vi de.

Resten av innlegget finn du her.

Dette blei òg omtalt i VG som eit noko uvanleg innslag i nasjonalforsamlinga.

Ein kan vel slå fast at representanten frå SV med dette stuntet fekk den merksemda han ønskte!

Sjølv om dette var eit innlegg litt utanom det vanlege, blei det ikkje kommentert eller påtalt av presidenten. Presidenten har nemleg høve til å påtale det ein kan kalle «uparlamentarisk språk».

Uparlamentarisk språk

I Stortingets forretningsorden § 55 Talereglar kan vi lese:

«Upassande eller krenkjande åtferd eller tale er ikkje tillate. Slik åtferd eller tale skal påtalast av presidenten.»

Det er altså visse reglar for korleis ein opptrer frå Stortingets talarstol, bl.a. kva som er greitt å seie, både om politiske motstandarar og politikken deira. Om ein representant seier noko som presidenten meiner er upassande, blir dette påtalt i etterkant. Stortingssekretariatet har ein oversikt over kva som blir rekna som uparlamentarisk språk, men det er opp til den enkelte president å vurdere kva som ikkje høver å seie i stortingssalen.

Eksempel frå denne lista, som tar utgangspunkt i ord og uttrykk som tidlegare er påtalte, er:

‘bak mål’, ‘barbari’, ‘bløff’, ‘dumsnillisme’, ‘forsimpling’, ‘fusk og fanteri’, ‘gedigen smørje’, ‘hylekor’, ‘idiot’, ‘klovn’, ‘løgn og forbannet dikt’, ‘molbopolitikk’, ‘politisk voldtektsforsøk’, ‘skammelig’, ‘snakke dritt om’, ‘supperåd’, ‘vulgærpropaganda’, ‘vernegerilja’, ‘bistandspornografi’ og ‘rovpopulisme’.

Mina Finstad Berg har skrive om uparlamentarisk språk på Stortinget i masteroppgåva «Tull og tøv fra Stortingets talerstol – en studie av uparlamentarisk språk» frå 2016.

Konklusjonen hennar er at ein kan identifisere nokre klare kjenneteikn på uparlamentarisk språk, men uparlamentarisk språk er òg eit subjektivt omgrep som presidentane tolkar ulikt.

Eksempel på uparlamentarisk språk henta frå masteroppgåva er:

‘snakke dritt’, ‘på trynet’, ‘tøv og tøys», ‘å drite på draget», ‘sleipe triks’, ‘ballespark’, ‘musepiss’, ‘jaggu’, ‘hersens’, ‘like forbaska’, ‘rent vås’, ‘drive og kødde med’.

Ho tek også for seg kva type ord som blir påtalt og sett på som uparlamentariske, t.d. språkhandlingane karakterisering og anklage. Her er eit døme på det Finstad Berg kallar karakterisering – frå ein debatt om verneplan for vassdrag i februar 2005:

«Rolf Terje Klungland (A): Jeg vet ikke hvilke nådegaver komiteens leder har fått utdelt av Vårherre, men det er i alle fall helt tydelig at han har fått frekkhetens nådegave i betydelig grad. (…)

Presidenten: Presidenten vil bemerke at å omtale andre representanter og deres frekkhet, eller mangel på sådan, nok ikke er en del av det parlamentariske språket. Dessuten tror jeg ikke det er tillagt Stortinget å vurdere nådegavene som er gitt.»

Finstad har teke for seg perioden 1998–2014. Ho skriv sjølv i konklusjonen sin at det hadde vore interessant å samanlikne uparlamentarisk språk i ulike tidsperiodar for å sjå nærare på om synet på kva som er uparlamentarisk språk, har endra seg. Då kunne ein få meir kunnskap om språkhaldningar, både på Stortinget og i det norske samfunnet generelt, t.d. kva som blir oppfatta som slang, og kva som blir sett på som tabuvokabular.

Finstad Berg har òg gjort eit par andre interessante observasjonar knytt til uparlamentarisk språk i stortingssalen. Mellom anna har ho på bakgrunn av det tekstkorpuset ho har trekt ut av referata i perioden 1998–2014, funne ut at det er flest representantar frå Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti som får påtale for uparlamentarisk språk. I tillegg viste talmaterialet at menn oftare blir påtala av presidenten enn kvinner.

Tidlegare referentrevisor Mona Engh skriv òg om det ho kallar «ikkje-parlamentarisk språkbruk» i artikkelen «En vandring langs Memory Lane – et liv med stortingsord». Ho hevdar at det har vore ein markant auke i påtale av uparlamentarisk språkbruk frå for 40–50 år sidan (i 2009), «nokså presist ca. en dobling».

Ho reflekterer litt rundt årsaken til dette:

«Det henger nok heller sammen med en mer uvøren og løssluppen språkføring rent generelt, og at hverdagsspråket med den største selvfølgelighet anvendes fra talerstolen – med alt hva det innebærer av flåsete ord og uttrykk, for eksempel «gedigen smørje», «på trynet», «dustete», «sprøyt», «tøv», «tøys».»

Eg nemnte ovanfor at Finstad Berg såg ein klar tendens til at stortingsrepresentantar frå Framstegspartiet – og menn – var av dei som oftast blei påtalt for uparlamentarisk språkbruk. Anders Lange, som grunnla partiet ALP, forløparen til Framstegspartiet, uttalte seg ofte nokså friskt frå talarstolen. Mona Engh skriv:

«Noen virkelige løse kanoner dukker også opp fra tid til annen. Et klassisk eksempel i så måte er Anders Lange, som kom inn etter valget i 1973. Ifølge Guttorm Hansen, som var president på den tiden, var Anders Langes mål med sin virksomhet i Stortinget «tilsynelatende å gjøre det til et politisk sirkus med seg selv som hovedklovn». Han presterte de mest utrolige ting fra Stortingets talerstol. En gang skrøt han av egen potens. En annen gang snakket han om hvor mye hjemmebrent han hadde drukket i sitt liv, og hvor grusomt vondt det var. Presidenten så seg en gang nødt til å komme med følgende korreks, etter at Lange gjentatte ganger hadde slengt rundt seg med ord som «idiotisk» og «sprøyt» og «tøv»: «Nå må representanten lære seg dette, ellers må han bli fratatt ordet.»»

Her er eit konkret døme, henta frå finansdebatten den 14. november 1973:

«Anders Lange: (…) Jeg vet ikke hvilken forbindelse Gustavsen har med fa’en, men iallfall leser han sånn som han gjorde i gamle dager.

Presidenten: Heller ikke tror presidenten det er noen fordel om man kommer inn på representantenes slektskapsforhold, uansett til hvem det måtte være!»

Mona Enghs artikkel frå 2009 kan lesast her.

Språket i stortingsreferata

Referentseksjonen følgjer gjeldande rettskrivingsnormal og refererer talarane på bokmål og nynorsk, etter ønske. Representantane – og statsrådane – kjem frå heile landet, så ein kan høyre eit rikt mangfald av dialektar frå talarstolen. Heldigvis har vi eit rikt dialektmangfald òg i vår seksjon, så om lokale dialektord og -uttrykk byr på utfordringar, er det hjelp å få!

Hallgrim Berg, Høgre-representant frå Ål i Buskerud, fekk i samband med ein debatt om lov om stadnamn 22. februar 1990 stortingspresidentens løyve til å bli referert på sin eigen hallingdialekt. Han leverte manus til referentseksjonen og las sjølv korrektur på referatet.

Heile innlegget kan lesast i Stortingstidende, sjå lenkje nedanfor, men her er eit kort utdrag:

«Dæ æ eit stort framsteg at den store kulturskatten me ha i stadnåbno, fær stempel som kulturminnu og bi heimla i lov, og då i ei form som æ tidhøveleg og inkji nebnande byråkratisk.

(…)

Med desse få ordo vil e gjedne rå te at innstillingi frå det store fleirtale i nemnden bi vedtikjin – og med fleirtalet meina e alle partiu med kulturvilje og sans for dei lange linun i norsk soge.»

Presidenten kommenterte innlegget slik:

Presidenten: Det tilkommer ikke presidenten å karakterisere representantenes dialekter, men presidenten vil likevel for egen del si at dette var en interessant opplevelse.

Ein referentkollega skriv om denne saka i ein e-post:

«Det var (…) som refererte det, og det var stor diskusjon om han skulle få lov til å gjengis på dialekt – man var redd det skulle skape presedens. Etter at saken hadde vært tatt opp med Brattestå, fikk han lov, men under den forutsetning at det ble denne ene gangen. (…) Han måtte revidere/kvalitetssikre det selv (…) – ingen hos oss kunne jo den dialekten så godt. Jeg husker jeg så manuset han hadde gitt fra seg i salen, skrevet på ren dialekt.»

Ved eitt tilfelle har ein representant blitt referert på samisk, det skjedde den 2. juni 1994, i samband med ein debatt om norsk samepolitikk, då representanten Johanne Gaup frå Senterpartiet heldt eit innlegg på både norsk og samisk.

Presidenten: Johanne Gaup, som er neste taler, har ei taletid på inntil 10 minutt, med det tillegg som er nødvendig for å framføre innlegget både på samisk og norsk. Presidenten legg til grunn at ein slik framgangsmåte kan følgjast.

Om ein går tilbake i tid, var språket i referata fram mot jamstellingsvedtaket i 1885, og også ei tid etter det, i hovudsak dansk, eller endå meir presist, dansk-norsk. Men det er òg eitt og anna innlegg på landsmål, m.a. innlegget til Elias Melvær i 1885, som er omtalt litt seinare i artikkelen.

I 1857, det året ein starta å gje ut fullstendige referat frå møta i Stortinget, skriv ein ‘Storthingstidende’ med ‘th’ – sjå faksimile av første eksemplar av Storthingstidende 1857 nedanfor.

Det aller første Storthingstidende 2. mars 1857

Nedanfor er eit døme på skrivemåten i det aller første Storthingstidende. Saka gjeld eit statslån på 2 mill. spesiedalar eller 500 000 pund sterling, og det er Carl Konow, stortingsmann frå Bergen, som har ordet:

«Det kunde synes at være en temmelig uskyldig Gjerning, at foretage en saadan Undersøgelse, som her er Talen om, men jeg har dog været i nogen Tvivl om ikke en saadan Henvendelse, som Regjeringen efter dette Forslag skulde foranstalte, kunde drage til Følger og lede videre end det, idetmindste for Tiden, er hensigten med den.»

Vi ser m.a. at det blir brukt stor forbokstav i substantiv. I oktober 1898 går ein bort frå dette i stortingsreferata. På same tid går ein over til å skrive ‘Stortingstidende’, utan ‘th’. Dette året markerer òg ein overgang frå gotisk til latinsk skrift. Språket er likevel dansk-norsk. Døme er ‘storthing’, ‘exemplar’, ‘præsident’, ‘af’, ‘sager’, ‘vide’, ‘budgetkommitteen’, ‘conclusion’, ‘at’ (infinitivsmerket), ‘efter’, ‘sig’, ‘spørgsmaal’, ‘faae’ og ‘troe’.

 

Stortingstidende 11. oktober 1898

I 1907 kom den første offentlege språkreforma, som m.a. slo fast at norske elevar skulle lære å lese og skrive begge målformer. Skriftspråket gjekk frå å ha ein – i hovudsak – dansk karakter til bli meir norsk, på bakgrunn av Knud Knudsens tankar om at «den dannede dagligtale» skulle danne utgangspunkt for skriftspråket.

I 1917 kom det ei ny reform – som gjaldt begge målformer – med forslag til endringar i gjeldande rettskriving, m.a. blei ‘å’ innført i staden for ‘aa’. Til og med 1924 er ‘aa’ fortsatt i bruk i Stortingstidende. Ei endring skjer først i 1925. Det viser at Stortinget ikkje var i front når det gjaldt å innføre nye skrivemåtar.

Stortingstidende 1924 og 1925 synleggjer overgangen til ein meir «moderne» språkdrakt for referata – med utgangspunkt i språkreformene i 1907 og 1917.

I 1925 har det altså skjedd ei tydeleg fornorsking i stortingsreferatet. ‘Præsidenten’ har blitt til ‘presidenten’ og ‘repræsentant’ til ‘representant’. ‘Aar 1924 den 11te januar’ har blitt til ’År 1925 den 12. januar’. Vi ser at ‘indeholdende’ har blitt til ‘inneholdende’, ‘indkaldes’ til ‘innkalles’, ‘sidst’ til ‘sist’, ‘varamand’ til ‘varamann’ og ‘embedsmænd’ til ‘embedsmenn’. Infintivsmerket ‘at’ er blitt erstatta av ‘å’. Vi ser døme på endring i bunden form fleirtal av substantiv, ved at ‘repræsentanterne’ har blitt til ‘representantene’. I tillegg ser vi døme på såkalt norvagisering av framandord, ved at ‘permission’ har blitt til ‘permisjon’.

Ein legg òg merke til at partinamn er skrivne med liten forbokstav: ‘høire’, ‘frisindede venstre’ og ‘socialdemokratene’.

Det var òg ei anna endring som hadde skjedd i 1925, og som kjem til uttrykk i referatet frå møtet den 25. januar dette året, nemleg at hovudstaden Kristiania hadde skifta namn til Oslo.

Jamstellingsvedtaket

I tida etter 1814, då Noreg blei ein sjølvstendig nasjon og fekk sin eigen grunnlov, var ein særleg oppteken av å løfte fram det norske og vår identitet som nordmenn, og då var språket ein viktig faktor. I byane snakka eliten dansk, eller det som blei kalla «danna daglegtale», medan ein på landsbygda brukte sine eigne dialektar. Ivar Aasen meinte at det var eit demokratisk problem at eit fleirtal av befolkninga i Noreg ikkje hadde eit språk å uttrykkje seg på skriftleg, difor laga han eit eige skriftspråk basert på norske dialektar. Knud Knudsen såg at mange sleit med det danske språket, men ønskte ikkje å gå så langt som Aasen. Knudsen ville utvikle eit skriftspråk basert på ei gradvis fornorsking av dansk. Slik fekk vi etter kvart landsmål og riksmål.

I den norske språkdebatten på slutten av 1800-tallet sto partia Høgre og Venstre på kvar si side. Høgre støtta fornorskingslinja til Knud Knudsen, medan Venstre omfamna arbeidet til Ivar Aasen.

Jamstellingsvedtaket er prinsippvedtaket som gav nynorsk offisiell status. Det blei gjort den 12. mai 1885 etter ein av dei lengste og mest omfattande språkdebattane i Stortingets historie.

Vedtaket lydde slik:

«Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.»

Framlegget til vedtak om «Folkemaalets Ligestillen med Skriftsproget», med underskrifter av fleire stortingsrepresentantar, m.a. Elias Melvær, som var den første stortingsrepresentanten som blei referert på landsmål. Det skjedde den 30. april 1885.

I seinare vedtak blei språket kalla «landsmål», før «nynorsk» blei offisiell nemning i 1929. «Vort aldmindelige Skrift- og Bogspråk» blei etter kvart til «riksmål», før «bokmål» blei offisiell nemning – også det i 1929.

Vedtaket i 1885 blei gjort med 78 mot 31 røyster, altså eit solid fleirtal for jamstelling. Venstre stemte for, medan Høgre og to Venstre-representantar stemte imot.

Elias Blix, statsråd i Kyrkjedepartementet 1884–1888. Foto: Stortinget.

Elias Blix, statsråd i Kyrkjedepartementet 1884–1888. Foto: Stortinget.

Trass i at landsmålet var lite brukt, vedtok altså Stortinget i 1885 å jamstelle det med «Skrift- og Bogsproget», m.a. takka vere Elias Blix, kyrkjestatsråd frå Venstre, som var ein varm talsmann for landsmålet. 

I ein debatt om statstilskot til lærarkurs i landsmål nokre månader før jamstellingsvedtaket, som raskt utvikla seg til ein prinsippdebatt om landsmålet generelt, sa han m.a.:

«Jeg kan ikke forklare mig den Sag anderledes, at der kan reise sig en saa stærk og energisk modstand mod en Sag, som den, der her er foreslaaet, end at det er Landsmaalet og Frygten for det, som er ude og spøger.»

Og vidare:

«Jeg mener, at ogsaa baade Læsningen og Tilegnelsen af Skriftsproget vil kunne lettes, men aldeles ikke hindres, ved at Barnet lærer at læse i sit Modersmaal, sit eget Maal.»

Desse utsegnene kom som eit svar til representanten Bonnevie, som var ein av dei som argumenterte imot statstilskot til lærarkurs. Han sa m.a. følgjande:

«Departementets Udtalelser, peger i Retning af, at der her handles om at indføre det saakaldte Landsmaal i Skolerne.»

Han var positiv til bygdemåla og Aasens arbeid, noko han òg gav uttrykk for i debatten:

«Jeg tror ikke, der gives nogen Nordmand, som ikke har Glæde af at høre den kraftige Klang i Bøndernes Maal.»

Han meinte likevel at landsmålet var for lite brukt av folket til at ein kunne kalle det eit folkemål.

«Hvem taler dette Sprog? Og da vil man vel faa det Svar, at det er ikke mange, som taler det, og de faa, som har lært sig til at tale det, taler det neppe som sit eget Modersmaal. Og hvem skriver dette Sprog? – Da bliver vel Svaret, at det er ikke så særdeles mange, ialdfald er det ikke af vore betydeligste Forfattere, som har skrevet i dette Sprog.»

Språkutviklinga måtte skje naturleg, utan politisk innblanding:

«Men istedetfor at oppebie Sprogutdviklingens Resultat at vilde ved administrativ Forføining eller ved Lov bestemme, at denne kunstigt konstruerede Sprogform skal være Landssprog, det er at gjøre et voldsomt Indgreb i en naturlig Udvikling af en Organisme, det er ligesom at hænge malede Frugter paa et Træ, fordi man er for utaalmodig til at vente, indtil frugten skal modnes ved den naturlige Væxst, (…).»

Johan Sverdrup, statsminister 1884–1889. Foto: Stortinget.

Johan Sverdrup, statsminister 1884–1889. Foto: Stortinget.

Statsminister Johan Sverdrup, som representerte Venstre, var svært positiv til landsmålet, og eit av dei mest glødande innlegga for målsaka blei halde av han. Han sa m.a.:

«Der er intet i Tanke- eller Følelselivet, som formaar at finde sit sande Udtryk undtagen gjennem det Sprog, som lever paa Folkets Tunge. (…) Det er det bedste Udtryk for den sandeste Tanke og for den mest levende Følelse.»

Han var òg tydeleg på at han ønskte at landsmålet etter kvart burde bli undervisningsfag i skulen, så Bonnevie hadde for så vidt rett i sine mistankar. Dansk-norsk, slik det blei tala m.a. i byane på Austlandet, kalla Sverdrup «den slette dansk-norske Tunge.»

Landsmålet var heilt klart viktig i nasjonsbygginga, noko som òg kjem til uttrykk i innlegget:

«Jeg siger, at Landsmaalet, talt af Alle og Enhver i dette Land, det vil fremfor alt styrke Kjærligheden til Hjemmet og til de hjemlige Forhold, til det, som er godt i det Nedarvede. (…) Og intet Folk er sig selv, som ikke eier et nationalt Sprog, som er dets Kulturmiddel og Udtrykket for, hvad der lever og rører sig i det.»

Elias Melvær – radikal venstremann, som i 1885 var den første stortingsrepresentanten som blei referert på landsmål. Foto: Stortinget.

Elias Melvær – radikal venstremann, som i 1885 var den første stortingsrepresentanten som blei referert på landsmål. Foto: Stortinget.

Det første innlegget på landsmål blei, som nemnt ovanfor, halde av Elias Melvær den 30. april 1885,  nettopp i samband med saka om «Bev. til utdannelseskurser for Foleskolelærere». Debatten gjekk over fleire dagar og fyller om lag 80 sider med referat i Stortingstidende. Innstillinga blei vedteken med 73 mot 25 stemmer, så vinden bles landsmålets veg. Men enno hadde ein ikkje vedteke jamstelling av dei to målformene. Det skjedde først den 12. mai.

Melvær sa m.a. dette i debatten:

«Kvar den, som heve fylgt ein Smule med i denne Saki, veit vel det, at her inkje er mange Aar sidan Ordet «Maalstrævar» fyre sume – eg skal inkje segja meir – i dette land var paa Lag det styggaste, dei kunde segja um ein mann, naar eg undantek det aa kalla honom ein Brotsmann. Men «Tiderne har forandret sig», dei heve gledeleg forandrat seg, det er sikkert. No er det inkje lenger ei Skam aa kallast Maalstrævar.»

Vidare seier han – om den same saka:

«Kjenner me inkje alle nokot sorgtungt i Bringa ved aa tenkja paa, at me endaa inkje er komne lengre her i landet, en at det Maal, me brukar til Bokmaal, i Kyrkja, i Retten, i Skulestova, er reint dansk?»

Og – med ein stor dose patos:

«Det er den Fare, at her stend ein stor Flokk konfirmerad Ungdom rundt um i Landet og ventar paa, at Lærararne skal lærast upp til aa skriva dette Maalet, dei unge alt heve fenget so kjært, at, som det igaar vart sagt av Hr. Liljedahl, dei sit med taarefulle Augo naar dei syng eller leser paa dette Maal.»

Kyrkjestatsråd Elias Blix var, som nemnt ovanfor, ein viktig pådrivar for jamstelling mellom riksmål og landsmål. Melvær kjem også inn på han i innlegget sitt:

«Kyrkjestatsraaden slog Spikaren paa Hovudet i gaar, naar han sagde, at det, som vakte Skrækk og Rædsla for desse Kursus, det var Landsmaalet. Det var inkje Tvil um det. Eg maa segja, eg tykte, det var reint merkjelegt, naar Repræsentanten fraa Kristiania kunde føra ein slik Krig mot eit Maal, som han sagde inkje var til, men var daudt! Han sagde: Der var inkje «en levende Sjæl i dette Land», – eg trur inkje, eg høyrde imist – «som brugte og talte dette Maal». Ja han um det! Eg segjer inkje nokot um det i den Forstand. Eg stod tett ved honom, daa han sagde det, og eg trur inkje, eg høyrde imist, men eg lyt standa til, at eg maatte tenkja paa den kjende Borgarmeistar, som saag i Boki si og sagde, at den Mann som stod attmed honom, var daud. Denne Borgarmeistaren var no so reint urimeleg han, at han heldt paa sitt, endaa Mannen sjølv sagde, han livde. Det gjorde no inkja Hr. Professoren; for daa Liljedahl hadde talat, var han «enig» med honom. Og eg trur inkje, at han etter Liljedahls Foredrag kann paastaa, at «der er ingen Mand i dette land, som talar Landsmaalet.»

Melvær omsette sjølv referatet. I ein merknad til innlegget står det: «Foredraget er leveret af Taleren, der ved Gjengivelsen har benyttet Stenografernes Manuskript.»

Det tok fleire år før ein begynte å referere representantar på landsmål – trass i vedtaket om jamstelling. Ei av årsakene var rett og slett at stenografane ikkje hadde den nødvendige kompetansen i landsmål. Dette er også omtalt i kapitlet «Referatet og sproget», henta frå jubileumsboka «Det norske storting gjennom 150 år»:

«Da spørsmålet om referater på landsmål «av de tingmenns foredrag som ligger denne målform nærmest», i 1912 ble tatt opp for alvor, stod referentkorpsets medlemmer på det nærmeste helt uforberedt på å kunne imøtekomme dette ønske.»

Referentsjef Oscar Kristiansen skreiv i eit brev datert den 1. mai 1912 om manglande kunnskap i landsmål hos referentane:

«Referater på landsmaal kan for tiden leveres af to af referentkorpsets medlemmer og desuden at to af de vikarer om i det senere har gjort tjeneste under ledighet. Jeg har konfereret med referentkorpsets medlemmer angaaende deltagelse i et kursus i landsmaal. For enkelte af de ældste referenters vedkommende vil der vistnok af forskjellige grunde stille sig vanskeligheder i veien for deltagelse i et saadant kursus, men ialfald de yngre referenter har dertil erklæret sig villig.»

Det førte til at det i 1912 blei vedtatt at ein skulle løyve kr. 400,- til eit «landsmålskursus» for stortingsstenografane.

Det tok tid for referentane å opparbeide seg øving i landsmål, slik Krohn uttrykkjer det, så det har «til denne dag (1959) vært nødvendig at to av korpsets særlig kyndige medlemmer har arbeidet som korrigører av landsmålsreferatene.»

I dag blir det kravd at referentane meistrar begge målformer.

Språkstrid og språkdebattar har det altså vore ein del av opp gjennom historia, og i 1912 førte det til at statsminister Wollert Konow måtte gå av. Konow, som representerte Frisinna Venstre, var statsminister i ein regjeringskoalisjon mellom Høgre og Frisinna Venstre, som saman vann valet i 1909.

Konow blei etter kvart ein omstridd regjeringssjef, også blant sine eigne. Høgres påskot for å felle Konow blei eit foredrag han heldt for Bondeungdomslaget i Kristiania den 28. januar 1912, der han sa:

«Fra min første ungdom har jeg følt mig varmt, sterkt og inderlig knyttet til landsmaalsbevegelsen. Jeg har vært, og er, og vil alltid vedbli å være takksam i min innerste sjel, fordi jeg engang ble knyttet til denne sak, og ingen opportunistiske politiske hensyn skal formaa mig til at fornegte den opfatning at maalsaken har været den sak som sterkest har baaret det norske folk fram i det siste hundredaar.»

Det riksmålsvenlege Høgre meinte at Konow hadde «traadt ut av det nøitrale forhold til sprogstriden som maatte være en forutsetning for hans stilling som regjeringschef.» Dette førte – etter kvart – til at regjeringa den 16. februar 1912 måtte søke avskjed, ettersom Høgre trekte ut statsrådane sine, og Jens Bratlie danna ny regjering.

Ved Bratlies utnemning til statsminister fekk vararepresentanten Anna Rogstad, som representerte Frisinna Venstre, fast plass i Stortinget og blei den første kvinnelege stortingsrepresentanten.

Dette var på slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet, men også seinare har språkspørsmål vakt strid. Det skjedde m.a. då Norsk Språknemnd blei oppretta i 1951, og i samband med debatten om samnorsk, altså ei tilnærming mellom dei to skriftspråka.

Nemnda hadde til oppgåve på vitskapleg grunnlag å gje styresmaktene og ålmenta råd og rettleiing i språkspørsmål og i dette arbeidet «fremja tilnærming mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn».

Som vi no veit, blei det ikkje noko felles norsk språk, altså ei samansmelting av bokmål og nynorsk. Sjølv om ein politisk prøvde å styre utviklinga i denne retninga, og Norsk Språknemnd blei oppretta for å jobbe for dette, sa folket nei. Mellom anna kom dette til uttrykk i foreldreaksjonen mot samnorsk.

Stortingsarkivet har skrive litt om dette i samband med Arkivdagen 2011:

«I 1951 vekket forsøket på å etablere et samnorsk skriftspråk debatt. Stortinget vedtok opprettelsen av Norsk Språknemnd som skulle «fremme tilnærming mellom de to språkene på norsk folkemåls grunn».

I forkant av stortingsdebatten gjorde Landskomiteen for foreldreaksjonen mot samnorsk det kjent at de allerede hadde fått inn 92 500 protester mot den språkpolitiske linjen og appellerte til Stortinget om å utsette behandlingen av saken. (Stortingstidende 1951, s. 2638)

Foreldre ble oppfordret til å gjøre rettelser i barnas skolebøker, og totalt samlet Foreldreaksjonen inn over 400 000 underskrifter mot samnorsk. Mye tyder på at den massive motstanden førte frem ettersom de mer radikale formene fra rettskrivingen av 1938 ble tatt ut av lærebøkene på slutten av 1950-tallet. (Furre, s. 242)

Eksempel på ein stemmesetel frå Foreldreaksjonen for moderate sprogformer i Bergen i 1958. Foto: Stortinget.

Eksempel på ein stemmesetel frå Foreldreaksjonen for moderate sprogformer i Bergen i 1958. Foto: Stortinget.

I oktober 1958 mottok Stortingets presidentskap 25 000 stemmesedler fra Foreldreaksjonen for moderate sprogformer i Bergen. I medfølgende skriv ble Stortinget bedt om ikke å vedta læreboknormalen i den foreliggende form. Foreldreaksjonen ba om at språket skulle overlates til sin naturlige utvikling, eller eventuelt at det burde avholdes folkeavstemning. (Stortingstidende 1958, s. 2457)»

Det var, som ein ser, eit stort engasjement i folket mot ei tilnærming mellom dei to målformene. Men først den 12. november 2002 blei dette formelt stadfest av Stortinget, då ein oppheva den såkalla tilnærmingsparagrafen, § 1 bokstav b, i lov om Norsk Språkråd. Vedtaket var samrøystes – i kontrast til den språkstriden som starta med jamstellingsvedtaket i 1885.

Dei vedtaka som Stortinget fattar – og som blir refererte og publiserte i Stortingstidende – dannar grunnlaget for den politikken som til kvar tid blir ført. Difor er det Johan Castberg uttalte om Stortingstidende i 1925, like aktuelt i dag – at det er «den absolutt pålidelige kilde som i fremtiden, eftersom de forskjellige spørsmål reiser seg, står til rådighet for at man kan se hvad virkelig Stortinget har ment og uttalt.»

Nina Frøystadvåg

Kjelder og litteratur

Berg Finstad, Mina «Tull og tøv fra Stortingets talerstol – en studie av uparlamentarisk språk»

Engh, Mona En vandring langs Memory Lane – et liv med stortingsord, 2009

Kaartvedt, Danielsen, Greve m.fl. Det Norske Storting gjennom 150 år, bind I og IV, Stortinget/Gyldendal norsk forlag, Oslo 1964

Norgeshistorie.no

Stortingsforhandlinger 1857–2017

Stortinget.no/Arkivdagen 2011

Sprakradet.no/Norsk språknemnd

Wikipedia.org/Wollert Konow

VG.no/Heikki med rap fra talerstolen

Sist oppdatert: 15.08.2024 09:17
: