Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Dokumentet Grunnlova av 17. mai 1814

Grunnlova av 17. mai 1814 ligg bevart i stortingsarkivet. Originalen er ikkje tilgjengeleg for ålmenta. Stortingsarkivet har difor gjort Grunnlova digitalt tilgjengeleg på nettet.

Grunnlova av 17. mai 1814. Første tekstside. Stortingsarkivet.

Grunnlova av 17. mai 1814. Første tekstside. Stortingsarkivet.

Oppbevaringa

I stortingsarkivet ligg dokumentet trygt bak tjukke murar og tunge dører i eit rom med stabil temperatur og luftfuktigheit. Dette er naudsynt for å bremsa den naturlege nedbrytinga som alltid finn stad. Grunnlova eignar seg dårleg som fysisk utstillingsobjekt. All bruk av dokumentet er forbruk av dokumentet.

Klikk her for å sjå heile Grunnlova (10 Mb pdf). 

Historia

Grunnlova er eit resultat av det arbeidet som Riksforsamlinga på Eidsvoll gjorde våren 1814. Fyrste påskedag, 10. april 1814, møtte dei 112 folkevalde til høgmesse, og dagen etter opna prinsregenten Christian Frederik Riksforsamlinga.

Representantane arbeidde under sterkt tidspress. Grunnlovsarbeidet måtte verta ferdig før dei utanlandske stormaktene sette makt bak dei krav som vart vedtekne i Kiel-freden 14. januar same året.

16. april vart hovudprinsippa handsama. Desse prinsippa bygde i hovudsak på den amerikanske sjølvstendefråsegna og konstitusjonen, og dei franske forfatningane som slo fast borgarrettane, folkesuverenitets- og maktfordelingsprinsippet. I perioden 19. april til 11. mai arbeidde dei folkevalde med sjølve grunnlovsteksten.

17. mai 1814 var dokumentet klårt for underteikning. Deretter vart Christian Frederik vald til konge, og 19. mai møtte han i riksforsamlinga og gav sin eid til Grunnlova.

Bilete av lakksegla og underskriftane på grunnlovsdokumentet

Dokumentet

Grunnlovsdokumentet er sett saman av 12 falsa ark som er hefta saman til 24 blad i eit legg med ein tråd av lin. Til saman utgjer det 48 sider, sjølv om dokumentet ikkje er sidenummerert. Dei to fyrste blada er blanke.

Høgst truleg vart Grunnlova ført i pennen av trønderen Johan Matthæus Buschmann, som frå 1818 arbeidde i Noregs Bank. 

Lovteksten er på 110 paragrafar og tek til på side fem og vert avslutta på side 29. På side 30 startar riksforsamlinga si stadfesting, dagsett 17. mai 1814. Deretter fylgjer representantane sine 112 signaturar og 111 raude lakksegl. Omsen frå Christiania brukte berre signatur. På side 41 står kongens erklæring som han gav på Eidsvoll 19. mai. Dei siste seks sidene er tomme.

Dokumentet er forsegla med ei silkesnor som er dregen gjennom alle sidene og eit lakksegl på siste side. Silkesnora er broten på fleire stader, truleg då det blei laga ei fotolitografisk attgjeving av dokumentet i 1905. Snora har truleg vore så kort at det ikkje har vore mogeleg å opna dokumentet heilt.

Vassmerket

Papiret

Papiret som Grunnlova er skriven på er handlaga klutepapir og er av høg kvalitet. Formatet er 38 x 31,5 cm bretta ut. Papiret er utstyrt med vassmerket «BIEK », og ut frå det veit vi at papiret er norskprodusert ved Bentse Brug i Christiania.

Klutepapir er eit trefritt papir, eit resirkulert produkt og siste bruksområdet for stoff til dømes av lin, jute og hamp. Innsamla tekstilar vart sortert og utsett for ein gjæringsprosess som svekte bindingane i veven. Tekstilane vart så stampa og rivne frå einannan før dei vart førte over i eit kar.

Nærbilete av papiret Grunnloven er skreve på. Papirarbeidarane dyppa store brett med silbotn ned i karet og rista dei slik at massen vart jamt fordelt medan det meste av vatnet rann av. I botnen låg det då eit tynt fiberlag som vart overført til tynne flak av ullfilt, som så vart stabla opp, lagt under press og deretter hengt til tørk. I ein ny fukteprosess vart arka tilførte lim for å gjera dei eigna som skrivemateriale.

Gjennomgåande er papiret i Grunnlova i god stand. Ein del smuss og fingermerke på overflata fortel om at dokumentet snart er 200 år. Det er ein del mindre rifter langs margane på dei fyrste og siste blada. Ein del hjørne er klemte og nokre manglar. Det er også litt forureining i papiret som stammar frå produksjonen. Dei står fram som mørke prikkar.

Gulbrun misfarging av papiret på baksida og motståande side av der lakksegla er påførte, skuldast truleg oksidasjon av harpiksinnhaldet i segla. Under nokre av segla syner papiret teikn til forkoling. Dette er truleg eit resultat av at lakken var svært varm då han vart påført papiret.

Dokumentet er gjennom tida påført ein del flekkar. Nokre flekkar er tilførte under produksjonen, nokre er blekkflekkar frå 1814 medan andre er tilførte seinare. Dette er det i ettertid medvite ikkje gjort noko med, og difor eksisterer framleis fingermerke etter representantar i Riksforsamlinga.

Blekket

Teksten i grunnlovsdokumentet er skrive med jarngallusblekk

Teksten i grunnlovsdokumentet er skrive med jarngallusblekk. Dette var det vanlegaste blekket på den tida. Slikt blekk var i hovudsak sett saman av jarnsulfat, galleple og arabisk gummi. Galleple er utvokstrar på undersida av eikeblad som gir næring til larva til gallvepsen. Det var garvesyra som var viktig for blekket.

Jarngallusblekk hadde eigenskapar som var viktige både for bevaring og for prov for at dokumentet er ekte. Med slikt blekk kunne skrifta overleva skadar frå vatn og fukt, og på papiret var det ikkje mogeleg å skrapa bort blekket utan å skapa godt synlege spor.

Dersom den kjemiske samansetnaden i blekket ikkje er i balanse, kan det føra til syreskadar i papiret. Dette gjev seg uttrykk ved at blekkstreken vert ujamn i kantane og trengjer gjennom papiret. I grunnlovsdokumentet er det lite nedbryting som kan sjåast med det blotte auga, også i område der blekket er rikeleg påført. Blekkstreken er jamn.

På fleire ark er det likevel slik at skrifta frå den andre sida skin gjennom papiret. Truleg er dette ein kombinasjon av tynt papir og kraftig påføring av blekket. Ved eitt tilfelle er det tydeleg at blekket har slått gjennom papiret. Det gjeld ETS Lande sin signatur (sjå ovanfor), og dette skuldast truleg at han påførte ei stor mengde blekk.

Lakksegla

Nærbilete av eit lakksegl frå Grunnloven

I dokumentsamanheng er seglet sin funksjon å fungera som identifikasjon eller eigarmerke, eller som merke for å føra prov for at dokumentet er ekte og rettsgyldig. Seglet vart nytta på same vis som ei underskrift.

Segla kunne vera i voks, bly, papir eller lakk. I Grunnlova er det nytta lakk som er sett saman av sjellakk, harpiks og sinober. Lakken var opphaveleg i fast form og måtte varmast opp for å verta mjuk. Ei høveleg mengd lakk vart drypt på papiret, og med signeten vart seglet prega i lakken.

I grunnlovsdokumentet er ein del av segla påførte korrekt med høveleg mengd lakk og med høveleg temperatur. Ulik grad av gulbrun misfarging av papiret på motståande side av der segla er påført, skuldast truleg oksidasjon av harpiksinnhaldet i lakken.

Ein god del segl er skjemte av sot frå flammen lakken vart varma opp med. Dette har ført til sverting av den raude lakkfargen (sjå ovanfor). I nokre tilfelle har lakken jamvel vore så varm då han vart påført at papiret er vorte brent.

Så snart lakken vert avkjølt, vert segla harde og ufleksible. Tidas tann, blaing og bruk av grunnlovsdokumentet har diverre ført til at dei fleste segla er påført skade som krakeleringar og tap av lakk.

Nærbilete av nokre av lakksegla på grunnlovsdokumentet. Nokre er krakelerte.

Konservering og digitalisering

Papirkonservator Nina Hesselberg-Wang har gjeve ei tilstandsvurdering av dokumentet, og seglkonservator Marianne Lund Petersen frå Det Kongelige Bibliotek i København har gjeve ei tilstandsvurdering av segla. Fotograf Vidar M. Husby har fotografert dokumentet.

Nettpresentasjonen er utarbeidd av stortingsarkivet.

Kjelder
Johannessen, Knut: Den glemte skriften. Gotisk håndskrift i Norge, Oslo 2007
Hesselberg-Wang, Nina: Kongeriket Norges Grunnlov: tilstandsbeskrivelse og konserveringsplan for grunnlovsdokumentet, Oslo 2011
Nedrebø, Yngve: Norske segl i middelalderen og nyere tid. Føredrag, Bergen 1997

Sist oppdatert: 07.11.2019 10:52
: