Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Arkivet etter Lund-kommisjonen utgjer cirka 80 arkivbokser, det vil seie cirka åtte hyllemeter med arkivmateriale.
Innhaldet i arkivet
Innsyn i arkivet
Offentlegvurderingar for arkivet etter Lund-kommisjonen
Lund-kommisjonen gjennomførte eit særs omfattande og grundig arbeid. Arbeidsmetodikken var litteratur- og kjeldestudiar i kombinasjon med innspel frå borgarar og ikkje minst dei 497 avhøyra av sentrale personar knytt til emnet. Representantar frå dei overvaka og overvakarane vart avhøyrt.
Det er verdt å merke seg at
Arkivet kan delast inn i fylgjande delar:
Journalen/dokumentlista er inngangen til arkivet. Alle dokument i arkivet har registrert i dokumentlista med ein tallkode. Tallkoden er naudsynt for å finne dokumentet.
Korrespondansen i denne delen av arkivet inneheld opplysningar av administrativ art for kommisjonen, til dømes avtaler om tidspunkt for møte.
Dei interne dokumentene og arbeidsnotata til kommisjonen inneheld i stor grad kopier av dokument henta inn frå dei hemmelege tenestene. Informasjonseigar for denne delen av arkivet er difor etterretnings-, overvakings-og sikkerhetstenestene (EOS-tenestene). Førespurnadar om innsyn i dette materialet vil bli vist vidare til EOS-tenestene.
Dette må reknas som den mest sentrale delen av arkivet, med referat frå nær 500 avhøyr gjort av sentrale personar i EOS-tenestene, av overvaka personar, av sentrale politikarar og andre som kommisjonen kalte inn til avhøyr.
På same måte som med arbeidsnotata til granskningskommisjonen (sjå over), inneheld denne bolken også ein del grunnlagsdokument frå eksterne einingar, mellom anna EOS-tenestene. Informasjonseigar for desse delane av arkivet er difor også etterretnings-, overvakings-og sikkerhetstenestene (EOS-tenestene). Førespurnadar om innsyn i slikt materiale vil bli vist vidare til EOS-tenestene.
Kommisjonen holdt rundt 90 møter, som i hovudsak dreide seg om organiseringa av kommisjonen sitt arbeid. Til referata høyrer òg møteinnkallingar med saksliste og grunnlagsdokumentasjon.
Alle kan be om å få sjå journalen / dokumentlista, og ut frå den søkje om innsyn i spesifiserte dokument. Førespurnad kan sendast til Stortinget: postmottak@stortinget.no.
Av omsyn til personvernet og dei store mengdene med personnamn i journalen, må journalen studerast i papir i Stortinget sine lokale, etter avtale. Det er ikkje høve til å kopiera eller ta bilete av journalen.
Personalet ved stortingarkivet kan vegleda i bruken av arkivet og om å søkje om innsyn.
Søknad om innsyn i spesifiserte dokument, gjer ein til same e-postadresse. Søknaden må vise til dokumentene i journalen og til dokumentnummeret der.
Søknad om innsyn vert handsama av stortingsarkivet. Søknadar vil bli besvarte og kopiar av dokument sendt ut digitalt i løpet av tre verkedagar, så langt det er mogeleg. I tilfellet det er bedt om mange dokument, og det er naudsynt med lenger sakshandsamingstid, vil det bli gjeve informasjon om det.
Stortingets presidentskap vedtok 28. mars 2026 å avgradere arkivet etter Lund-kommisjonen. Dette understrekar at arkivet ikkje inneheld informasjon som dersom han vert kjent kan skade Noregs sikkerheit. Innhaldet i arkivet er av ålmenn interesse og skal gjerast tilgjengeleg for publikum.
Samstundes er det framleis slik at ut frå sakas natur, spørsmålet om overvaking av norske borgarar, det er mange personopplysningar i arkivet etter granskingskommisjonen. Med det fylgjer at forvaltningslovas føresegner om teieplikt for personlege forhold og om nasjonal sikkerheit gjeld også for innsyn i arkivet etter Lund-kommisjonen. Personopplysningar og andre opplysningar som vert vurdert som skjermingsverdig, skal sladdast i kopien som vert utlevert. Journalen inneheld namn på mange av innføringane i arkivet. Det kan opplevast som belastande å ha namnet sitt i journalen etter granskingskommisjonen. Samstundes er journalen hovudinngangen til å kunne søkje innsyn i arkivet. Det er ikkje heldig å presentere for publikum ein journal som er delvis sladda. Som avbøtande tiltak for å verne om personopplysningar, må journalen studerast i Stortingets lokale.
Ved krav om innsyn i eigne personopplysningar med heimel i GDPR, vil det i praksis berre vere mogeleg å gje innsyn der personens namn går frem av dokumentlista, av rapporten eller andre dokument det er mogeleg å søkje i. Arkivmaterialet etter Lund-kommisjonen er på papir og utgjer 75 arkivboksar. Det er ikkje mogeleg, med rimeleg ressursbruk, å leite fram opplysningar om einskildpersonar i eit så omfattande materiale.
Alle førespurnader om innsyn vil vurderast ut frå reglar om innsyn i Stortingets dokument av 1. oktober 2025.