Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Lov om offentlege styresmakters ansvar for kulturverksemd (kulturlova)

Innhold

År 2007 den 12. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

Lova har til føremål å fastleggja offentlege styresmakters ansvar for å fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleva eit mangfald av kulturuttrykk.

Med kulturverksemd meiner ein i denne lova å

  • a. skapa, produsera, utøva, formidla og distribuera kunst- og andre kulturuttrykk,

  • b. verna om, fremja innsikt i og vidareføra kulturarv,

  • c. delta i kulturaktivitet,

  • d. utvikla kulturfagleg kunnskap og kompetanse.

  • Staten skal fremja og leggja til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd over heile landet gjennom rettslege, økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak.

    Staten skal utforma verkemiddel og gjennomføra tiltak for å fremja og verna eit mangfald av kulturuttrykk i samsvar med internasjonale rettar og plikter.

     Fylkeskommunen og kommunen skal syta for økonomiske, organisatoriske, informerande og andre relevante verkemiddel og tiltak som fremjar og legg til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd regionalt og lokalt.

    Staten, fylkeskommunen og kommunen skal syta for

  • a. at kulturlivet har føreseielege utviklingskår,

  • b. å fremja profesjonalitet og kvalitet i kulturtilbodet og leggja til rette for deltaking i kulturaktivitetar,

  • c. at personar, organisasjonar og institusjonar har tilgang til informasjon om ordningar med økonomisk støtte og om andre verkemiddel og tiltak.

  • Kongen fastset når lova skal ta til å gjelda.

    Berit Brørby Asmund Kristoffersen
    president sekretær