Lov om endringer i barnelova, forskotteringsloven og i enkelte andre lover (nye regler for beregning av barnebidrag m.m.)
Dette dokument
- Besl. O. nr. 124 (2000-2001)
- Kildedok: Jf. Innst. O. nr. 127 (2000-2001) og Ot.prp. nr. 43 (2000-2001)
- Dato: 12.06.2001
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
År 2001 den 6. juni holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
§ 44 b første og andre punktum skal lyde:
Reisekostnadane ved samvær skal delast mellom foreldra etter storleiken på inntektene deira der foreldra ikkje blir samde om noko anna. Dersom særlege grunnar gjer det rimeleg, kan retten fastsetje ei anna fordeling av reisekostnadane.
§ 52 andre ledd skal lyde:
Til særlege utlegg så lenge underhaldsplikta varer, kan foreldra påleggjast å yte særtilskot. Det er eit vilkår at utlegga er rimelege og naudsynte og ikkje går inn under dei utgiftene som det løpande fostringstilskotet skal dekke. Krav om særtilskot må setjast fram innan eit år etter at dei særlege utlegga kom på. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om særtilskot.
§ 53 andre og tredje ledd skal lyde:
Vil barnet etter fylte 18 år halde fram med slik skulegang som må reknast som vanleg, har det krav på pengetilskot for den tid skulegangen varer ved. Det skal fastsetjast ei tidgrense for krav på tilskot etter denne regelen.
Foreldra kan også påleggjast å yte tilskot til anna vidareutdanning dersom det er rimeleg etter interessene og givnaden til barnet, høvet til å skaffe seg midlar til vidareutdanninga på anna vis og tilhøva elles. Det skal fastsetjast ei tidgrense for krav på slike tilskot.
§ 54 første og andre ledd skal lyde:
Foreldra kan gjere avtale om fostringstilskot til barnet.
Dersom dei ikkje vert samde, kan kvar av dei krevje at tilskotsfuten tek avgjerd om tilskotet. Dette kan dei gjere jamvel om dei opphavleg har gjort avtale om tilskotet, men slik at løpande tilskot berre skal endrast dersom reglane i lova vil medføre ei endring på meir enn 10 prosent. Departementet kan gje forskrift om gebyr der tilskotsfuten tek avgjerd om fastsetjing og endring av fostringstilskot.
Nåverande åttende ledd oppheves.
Ny § 54 a skal lyde:
§ 54 a Offentleg utmåling av fostringstilskot
Tilskotsfuten skal fastsetje tilskotet slik at fastsette utlegg til forsyting av barnet (underhaldskostnadene) vert delte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira. Tilskotet skal likevel ikkje fastsetjast til eit høgare tilskot enn at tilskotspliktige har att fastsette midlar til eige underhald mv. (bidragsevnevurderinga). Tilskotet skal som hovudregel reduserast for skriftleg avtalt eller offentleg fastsett samvær. Har foreldra avtala delt bustad etter lova § 35 a, gjeld særskilte reglar.
Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om utmåling av fostringstilskot etter lova her.
§ 56 andre ledd skal lyde:
Indeksreguleringa gjeld også for beløpet som er fastset etter lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven) § 5 første stykket.
§ 58 nytt andre ledd skal lyde:
Der tilskotspliktige med fleire barn ikkje har full tilskotsevne eller samla tilskotsplikt er høgare enn ei viss prosent av inntekta, kan avgjerdsorganet av eige tiltak foreta samla forholdsmessig fastsetjing av tilskota til barna. Dette gjeld i alle typer saker der det kjem minst eit krav om førstegangsfastsetjing, klage eller endring eller der tilskotsfuten av eige tiltak kan ta opp eitt krav. Regelen gjeld uavhengig av om tilskotspliktige har barn med same tilskotsmottakar eller fleire tilskotsmottakarar. Lova §§ 54 andre ledd og 57 første ledd gjeld tilsvarande. Departementet kan ved forskrift gje utfyllande reglar om samla forholdsmessig fastsetjing av tilskot.
§ 59 første, andre og tredje ledd skal lyde:
Tilskotsfuten kan utan opphald fatsetje eit førebels tilskot. Hastar det, kan slik avgjerd takast utan at motparten får seie si meining.
Tilskotsfuten kan etter krav ta førebels avgjerd om å setje ned tilskot utan at motparten får seie si meining. Dette gjeld dersom tilskotsfuten finn det klårt at vilkåra for det er til stades.
Førebels avgjerd etter første og andre stykket gjeld frå og med den månaden kravet om fastsetjing eller endring vart sett fram. Slik avgjerd kan fullførast straks om ikkje anna er fastsett, og gjeld berre til det ligg føre ei endeleg avgjerd i saka.
Nåværende femte ledd blir fjerde ledd.
Innkrevingssentralen skal alltid kreve inn det samlede underholdsbidrag dersom bidragsmottakeren får utbetalt bidragsforskott etter reglene i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringsloven).
§ 1 skal lyde:
§ 1 Formål
Formålet med bidragsforskott er å sikre at barn som omfattes av loven her etter nærmere regler får utbetalt et underholdsbidrag fra det offentlige hver måned.
§ 4 nytt tredje ledd skal lyde:
Retten til forskott faller bort dersom inntekten til den som har rett til å motta forskott på vegne av barnet overstiger 320 ganger fullt bidragsforskott per barn per måned. Departementet gir forskrift om hva som skal regnes for forskottsmottakers inntekt.
§ 5 skal lyde:
§ 5 Forskottets størrelse
Departementet fastsetter det beløp som kan utbetales som fullt bidragsforskott per barn. Forskott gis med 100, 75 eller 50 prosent av fullt forskott, avhengig av forskottsmottakers inntekt. I tilfeller som nevnt i § 3 tredje ledd andre punktum gis alltid fullt forskott med mindre bortfallsregelen i § 4 tredje ledd kommer til anvendelse.
Den som setter fram krav om forskott som skal fastsettes ut fra mottakers inntekt, eller som er tilstått slikt forskott, skal selv dokumentere sine inntektsforhold i den utstrekning og på den måte som bidragsfogden bestemmer. Dersom det ikke legges fram slik dokumentasjon, kan krav om forskott avslås eller tilstått forskott stanses.
Departementet kan gi forskrift om hva som skal regnes for inntekt etter paragrafen her og om inntektsgrensene for å kunne få 100 eller 75 prosent av fullt forskott. Inntektsgrensene skal fastsettes under hensyn til antall barn som forskottsmottakeren forsørger og under hensyn til om vedkommende er samboer eller bor alene sammen med barna.
§ 6 tredje ledd nytt andre punktum skal lyde:
Det kan da ytes forskott på bidrag fra hver av foreldrene, svarende til fullt bidragsforskott fra hver av dem.
§§ 15-10 og 22-9 oppheves.
§ 5-43 første ledd ny bokstav h skal lyde:
h. Barnebidrag og særtilskudd etter barneloven kapittel 7 og bidragsforskudd etter forskotteringsloven.
§ 6-32 annet ledd annet punktum skal lyde:
Det gis særskilt fradrag i pensjon o.l. til barn, og i ektefelletillegg etter folketrygdloven.
Nåværende tredje punktum oppheves.
Loven trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer. Kongen kan iverksette de enkelte bestemmelser til ulik tid.
Departementet kan gi nærmere overgangsregler.
Gunnar Skaug | Anita Apelthun Sæle |
president | sekretær |