Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Lov om endringer i lov av 8. desember 1950 nr. 3 om norsk riksborgarrett og lov av 28. februar 1986 nr. 8 om adopsjon.

Innhold

År 1999 den 18. februar holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt

I lov av 8. desember 1950 nr. 3 om norsk riksborgarrett gjøres følgende endringer:

Ny § 1 a skal lyde:

Barn som ikkje er fylt 12 år og som vert adoptert av norsk statsborgar, får ved adopsjonen norsk borgarrett såframt:

    • a) barnet vert adoptert ved løyve frå departementet, jf. lov av 28. februar 1986 nr. 8 om adopsjon § 1, eller

    • b) barnet vert adoptert ved utanlandsk adopsjon og departementet har samtykka til adopsjonen på førehand, jf. lov av 28. februar 1986 nr. 8 om adopsjon § 22.

Barn mellom 12 og 18 år som vert adoptert av norsk statsborgar på slik måte som nemnt i første ledd bokstav a eller b, får norsk borgarrett såframt den eller dei av adoptivforeldra som har foreldreansvaret gjev inn skriftleg melding til den tenestemakta som Kongen fastset. Barnet må samtykke i at slik melding vert gjeve inn.

Ny § 2 a skal lyde:

Barn under 18 år med foreldre som ikkje har vore gift med kvarandre, får norsk borgarrett etter faren såframt han har teke på seg farskapen i samsvar med reglane i lov av 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre § 4 eller farskapen er fastsatt ved dom, og faren var norsk borgar då barnet vart fødd. Dersom faren døydde før barnet vart fødd, men hadde teke på seg farskapen, eller farskapen seinare vert fastsett ved dom, er det avgjerande om faren var norsk borgar då han døydde.

Det er eit vilkår at den eller dei som har foreldreansvaret for barnet gjev inn skriftleg melding til den tenestemakta Kongen fastset. Barnet må samtykke i at slik melding vert gjeve inn dersom det har fylt 12 år.

I lov av 28. februar 1986 nr. 8 om adopsjon gjøres følgende endring:

§ 14 første ledd oppheves.

Ikrafttredelses- og overgangsbestemmelser

Denne lov trer i kraft fra den tid Kongen bestemmer. Kongen kan gi nærmere overgangsbestemmelser.

Gunnar Skaug, Anita Apelthun Sæle,
president. sekretær.