Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
År 1998 den 3. desember holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
§ 25 nr. 4 skal lyde:
Departementet kan dra godkjenninga attende dersom vilkåra i denne lova ikkje vert fylte.
§ 26 tilskottsregel nr. 1 skal lyde:
Tilskotsregel nr. 1
Grunnskular for funksjonshemma.
a) Alle driftsutgifter vert dekte ved statstilskot. Departementet fastset tilskotet på grunnlag av framlagde planar og budsjettframlegg. Så langt råd vert normalsatsen pr elev pr skuleår lagd til grunn.
b) Skulane kan etter søknad få statstilskot til investeringsutgifter.
c) Utgifter til elevreiser vert dekte etter gjeldande reglar i lov om grunnskulen.
§ 26 tilskottsregel nr. 3 skal lyde:
Tilskotsregel nr. 3
Vidaregåande skular som tidlegare hadde parallellar i tilsvarande statlege skular: 85 pst av dei driftsutgifter som kjem inn under tilskotsgrunnlaget vert dekt ved statstilskot. Så langt råd vert dette rekna etter ein normalsats pr heilårselev.
§ 26 tilskottsregel nr. 4 innleiinga skal lyde:
Vidaregåande skular som kan godkjennast etter § 3 bokstav a, b og d i lova her:
§ 26 tilskottsregel nr. 5 vert oppheva.
§ 26 tilskottsregel nr. 7 andre leddet andre punktum skal lyde:
Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 pst av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skular.
§ 26 tilskottsregel nr. 7 andre leddet noverande andre til fjerde punktum vert tredje til nytt femte punktum.
§ 26 tilskottsregel nr. 8 andre leddet andre, tredje og fjerde punktum skal lyde:
Utgifter til pensjonsinnskot skal likevel innarbeidast i tilskotsgrunnlaget slik at tilskota dekkjer 100 pst av gjennomsnittlege utgifter til pensjonsinnskot i offentlege skular. Tilskotsgrunnlaget vert fastsett av Stortinget. Tilskotet vert knytt til ein normalsats pr elev særskilt for barnesteget og ungdomssteget rekna ut for grunnskular i Noreg, jamfør tilskotsregel nr. 7.
§ 26 tilskottsregel nr. 10 skal lyde:
Tilskotsregel nr. 10
Departementet kan gje forskrift om at
a)statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i Noreg eller i utlandet, skal kunne få tilskot etter denne lov til kompletterande undervisning, og at
b)statsborgarar i Noreg eller ein annan EØS-stat som er elevar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skular i Noreg eller i utlandet, skal kunne få tilskot til delvis dekning av skulepengar.
§ 26 tilskottsregel nr. 11 vert oppheva.
§ 27 første ledd skal lyde:
Alle offentlege driftstilskot og eigendelar frå elevane skal koma elevane til gode.
Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset.
| Gunnar Skaug, | Sigvald Oppebøen Hansen, |
| president. | sekretær. |