Vedtak til lov om endringar i havenergilova (utlysing og tildeling av areal)

Søk
I Stortingets møte 6. desember 2022 ble det gjort følgende

vedtak til lov

om endringar i havenergilova (utlysing og tildeling av areal)

I

I lov 4. juni 2010 nr. 21 om fornybar energiproduksjon til havs skal ny § 2-3 lyde:

§ 2-3 Utlysing og tildeling av areal

Eitt eller fleire område innanfor eit område som er opna etter § 2-2, skal som hovudregel lysast ut og tildelast gjennom konkurranse. Departementet kan i særlege tilfelle tildele eit område etter søknad utan utlysing og konkurranse. Det kan bli kravd vederlag for tildelinga.

Ved utlysinga skal departementet avgjere om tildelinga av eit område skal skje ved auksjon, ved ei vurdering av søkarane på grunnlag av objektive og ikkje-diskriminerande vilkår eller ved ein kombinasjon. Ved tildeling på ein annan måte enn ved auksjon, fastset departementet storleiken på det eventuelle vederlaget.

Ved tildeling av areal må søkarar ha tilfredsstillande teknisk kompetanse og finansiell styrke, og oppfylle relevante krav til helse, miljø og sikkerheit. Departementet kan krevje at aktørane som vil delta i ein konkurranse om tildeling av areal skal prekvalifiserast før deltakinga. Ved utlysing kan departementet også sette andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår.

Den som får tildelt eit område får ein tidsavgrensa einerett til å gjennomføre ei prosjektspesifikk konsekvensutgreiing og å søke om konsesjon etter § 3-1 for produksjonsanlegg innanfor området.

Departementet kan gi forskrift om vilkår for tildeling av område etter denne paragrafen.

II

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.

Masud Gharahkhani

president