vedtak til lov
om Opplysningsvesenets
fond
§ 1 Opplysningsvesenets fond
Opplysningsvesenets
fond er sett saman av det som er att av det benefiserte godset til
presteskapet, og seinare tileigna eller tillagde eigedommar og kapital.
Grunnkapitalen i
fondet er eigedommane til fondet og kapitalfondet. Kapitalfondet
er bokført verdi av eigedommar og vinstar ved sal av eigedommar.
Opplysningsvesenets
fond er eit eige rettssubjekt.
§ 2 Føremålet med lova
Lova skal sikre
at verdiane i Opplysningsvesenets fond blir forvalta i samsvar med
Grunnlova § 116.
§ 3 Forvalting av fondet
Fondet blir forvalta
av Kongen, som mellom anna fastset korleis fondet skal organiserast,
og tek avgjerder om rettslege disposisjonar som gjeld eigedelane
til fondet. Vinstar ved sal av eigedommar skal leggjast til kapitalfondet.
§ 4 Statens eigedomsrett
Opplysningsvesenets
fond er eit statleg fond frå 1. januar 2023. Med unntak av dei eigedelane
som blir overførte til Den norske kyrkja etter § 5, kan grunnkapitalen
i fondet ikkje givast bort eller brukast opp.
§ 5 Overføring av eigedelar til Den
norske kyrkja
Eigedommar og andre
eigedelar i fondet som har ein særskild verdi for Den norske kyrkja,
kan overførast til kyrkja utan vederlag. Gravplassar og kyrkjegrunn
kan overførast til vedkommande sokn. Eigedelane skal ikkje gi Den
norske kyrkja nokon økonomisk vinst til fordel for si allmenne verksemd.
Fondet kan dekkje utgifter som Den norske kyrkja får i samband med
overtakinga av eigedommar etter fyrste punktum.
Krav om samtykke
etter jordlova § 12 eller konsesjon etter konsesjonsloven § 2 gjeld
på vanleg måte ved overføringar etter fyrste ledd.
§ 6 Prestebustadar
Prestebustadar som
fondet eig, kan leigast ut som tenestebustadar for prestar i Den
norske kyrkja til lågare husleige enn marknadsleige.
Fondet skal dekkje
utgifter som staten skal refundere kommunane etter pålegg om å stille
tenestebustad til rådvelde for geistleg embets- eller tenesteperson
etter trossamfunnsloven § 23 fjerde ledd.
Dersom fondet eig
ein prestebustad som er rekna som ein rekrutteringsbustad for prestar
i Den norske kyrkja, men som ikkje blir overført til kyrkja etter
§ 5 andre ledd, skal fondet gi tilskot til Den norske kyrkja til ein
annan bustad på staden.
§ 7 Bruken av avkastinga frå fondet
Avkastinga frå fondet
skal dekkje utgiftene fondet har. Vinstar ved sal av verdipapir
skal reknast som avkasting. Kongen avgjer om overskot skal leggjast
til kapitalfondet, leggjast til eit disposisjonsfond eller overførast
som alminneleg inntekt for staten til å dekkje statlege utgifter
til dei føremåla som er nemnde i Grunnlova § 116 fyrste punktum.
Kongen kan bestemme at overskotet i fondet også kan nyttast til
å setje i stand kulturhistorisk viktige kyrkjer.
§ 8 Særlege heimelsforhold
Ein eigedom som
frå eldre tid låg til eit bestemt presteembete etter heimelsbrev
eller eit anna særleg rettsgrunnlag, og er forvalta av fondet, skal
forvaltast på same måten som eigedommane til fondet.
Fyrste ledd gjeld
ikkje dersom noko anna følgjer av heimelsdokumentet for eigedommen.
§ 9 Iverksetjing og endring og oppheving
av andre lover
Lova gjeld frå den
tida Kongen fastset. Frå den tida Kongen fastset, blir det gjort
følgjande endringar i andre lover:
-
1. Lov 7. juni
1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond blir oppheva.
-
2. I lov 7. juni
1996 nr. 32 om gravplasser, kremasjon og gravferd skal § 16 andre
ledd andre punktum lyde:
Ved uenighet treffer
gravplassmyndigheten avgjørelsen.