vedtak til lov
om endringar i opplæringslova,
friskolelova og barnehageloven
(behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.) – BERIKTIGET
I
I lov 17. juli
1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det
gjort følgjande endringar:
§ 2-12 tredje ledd skal
lyde:
For private grunnskolar
gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-11,
8-2, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, 9-7, kapittel 9 A, §§ 10-1, 10-2,
10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-5, 13-7a, 13-10,
14-1, 14-4, 15-3, 15-4 og 15-10.
Ny § 3-1 a skal lyde:
§ 3-1 a Bruk av rett for dei som tok Vg3
påbygging til generell studiekompetanse før læretid skoleåra 2020–2021
og 2021–2022
Ungdom som blei
tatt inn til Vg3 påbygging skoleåret 2020–2021 og skoleåret 2021–2022,
har ikkje brukt av retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1
første ledd det skoleåret.
Ny § 3-14 skal lyde:
§ 3-14 Nasjonal database for vitnemål og
dokumentasjon av kompetanse
Nasjonal database
for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse skal legge til rette
for:
-
a) samling av sannferdig
informasjon om og oppbevaring av vitnemål og dokumentasjon om oppnådd kompetanse
frå vidaregåande opplæring
-
b) kontroll av
at vitnemåla er gyldig førte i samsvar med gjeldande reglar
-
c) opptak til høgare
utdanning og til høgare yrkesfagleg utdanning
-
d) deling av vitnemål
og dokumentasjon av kompetanse
Fylkeskommunar og
andre som tilbyr vidaregåande opplæring, skal utan hinder av teieplikt
levere alle vitnemål og kompetansebevis frå vidaregåande opplæring til
databasen. Departementet kan i forskrift fastsetje unntak frå denne
plikta.
Databasen kan også
innehalde vitnemål og dokumentasjon om kompetanse frå anna opplæring
og utdanning når det oppfyller eitt eller fleire av formåla i første
ledd.
Databasen kan dele
ein persons fødselsnummer, D-nummer og informasjon om at databasen
har opplysningar om personens vitnemål og dokumentasjon av kompetanse,
automatisk med ein portal for deling av vitnemål og dokumentasjon
om oppnådd kompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 4-14.
Vitnemål og dokumentasjon av kompetanse kan berre delast når den
registrerte har bestemt det.
Opplysningane i
databasen kan brukast som grunnlag for analyse, statistikk og forsking.
Direktoratet for
høgare utdanning og kompetanse er behandlingsansvarleg for databasen.
Departementet kan gi forskrift om behandling og registrering av
personopplysningar i databasen.
§ 14-4 nytt andre ledd
skal lyde:
Utdanningsdirektoratet
kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som
nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, så langt dette
er nødvendig for å evaluere opplæringsverksemda som er omfatta av
denne lova. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking,
analyse og statistikk. Departementet kan gi forskrift om kva opplysningar
Utdanningsdirektoratet kan behandle, og om behandlinga.
Ny § 15-10 skal lyde:
§ 15-10 Behandling av personopplysningar
Kommunar, fylkeskommunar
og lærebedrifter kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar
som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, når det er
nødvendig for å utføre oppgåver etter lova.
Ved skolebyte kan
skolar hente inn personopplysningar frå andre skolar, inkludert
personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9
og 10, som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnopplæring
og retten til dokumentasjon på opplæringa.
Fylkeskommunar kan
hente inn personopplysningar frå grunnskolar, inkludert personopplysningar
som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, som er nødvendige
for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak
til vidaregåande opplæring, førebygge fråvær i opplæringa og følge
opp dei som er i målgruppa til oppfølgingstenesta.
Ved skolebyte etter
andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje
ledd kan skolane også dele personopplysningar, inkludert personopplysningar
som er nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å leggje
til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt
det.
Utlevering av personopplysningar
etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.
Departementet kan
gi forskrift om behandlinga, mellom anna om formålet med behandlinga,
behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast, kven det
kan behandlast personopplysningar om, bruk av automatiserte avgjerder,
vidarebehandling, utlevering og tilgang til personopplysningar.
II
I lov 4. juli 2003
nr. 84 om frittståande skolar gjøres følgende endringer:
§ 1-2 tredje ledd skal lyde:
Lova gjeld ikkje fjernundervisning og kjøp av opplæringstenester utanom
fjernundervisning som det er tillate å gi i offentlege skolar. Departementet
kan gi forskrift om rapportering og dokumentasjon ved bruk av fjernundervisning.
§ 6A-7 skal lyde:
§ 6A-7 Andre føresegner
Følgjande føresegner i denne lova gjeld så langt dei passar for
skolar etter dette kapittelet:
-
a) § 1-2
om verkeområdet
-
b) § 2-2 om krav til
verksemda til skolen, med unntak av tredje ledd. Dersom ein skole
etter dette kapittelet har færre enn 10 elevar tre skoleår i samanheng, fell
godkjenninga bort
-
c) § 2-4 om krav til
skoleanlegg og skolemiljø
-
d) § 3-3 tredje ledd
om skolegangen
-
e) § 3-4 om organisering
av elevane i klassar eller basisgrupper
-
f) § 3-4a om tilpassa
opplæring
-
g) § 3-9 om ordensreglement
-
h) § 3-15 om forbod
mot bruk av klesplagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet
-
i) § 4-1 om leiing
-
j) § 5-1 om styret,
med unntak av bokstavane a og c
-
k) § 5-2 om styret
sine oppgåver, med unntak av bokstavane a og e
-
l) § 5-3 om elevråd,
med unntak av første ledd første og andre punktum
-
m) § 7-1 om budsjett,
rekneskap og rapportering
-
n) § 7-2 om tilsyn
m.m.
-
o) § 7-2a om moglege
reaksjonsformer, med unntak av fjerde ledd.
-
p) § 7-2b om karantene
-
q) § 7-3 om teieplikt
-
r)§ 7-9 første
og femte ledd om behandling av personopplysningar.
I § 7-2 blir tredje ledd sletta.
Noverande fjerde og femte ledd blir nye tredje og fjerde ledd.
Ny § 7-2c skal lyde:
§ 7-2c Informasjonsinnhenting og evaluering
Departementet kan
gi forskrift som pålegg dei ansvarlege for opplæringsverksemda og
dei som mottek opplæring, å gi opplysningar og delta i evalueringar
og rapportere om forhold som er av betydning for evaluering av opplæringsverksemda.
Utdanningsdirektoratet
kan behandle personopplysningar, inkludert personopplysningar som
nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, så langt dette
er nødvendig for å evaluere opplæringsverksemda som er omfatta av
denne lova. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking,
analyse og statistikk. Departementet kan gi forskrift om kva opplysningar
Utdanningsdirektoratet kan behandle, og om behandlinga.
Ny § 7-9 skal lyde:
§ 7-9 Behandling av personopplysningar
Skolar kan behandle
personopplysningar, inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga
artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter
lova. Kommunar og fylkeskommunar kan behandle personopplysningar,
inkludert personopplysningar som nemnde i personvernforordninga
artikkel 9 og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgåver etter
lova.
Ved skolebyte kan
skolar hente inn personopplysningar frå andre skolar, inkludert
personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9
og 10, som er nødvendige for å oppfylle retten til grunnopplæring
og retten til dokumentasjon på opplæringa.
Vidaregåande skolar
kan hente inn personopplysningar frå grunnskolar, inkludert personopplysningar som
nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, som er nødvendige
for å oppfylle retten til vidaregåande opplæring, gjennomføre inntak
til vidaregåande opplæring og førebygge fråvær i opplæringa.
Ved skolebyte etter
andre ledd og ved overgang til vidaregåande opplæring etter tredje
ledd kan skolane også dele personopplysningar, inkludert personopplysningar
som er nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10, for å leggje
til rette opplæringa til ein elev dersom eleven eller foreldra tillèt
det.
Utlevering av personopplysningar
etter andre, tredje og fjerde ledd kan gjerast utan hinder av teieplikt.
Departementet kan
gi forskrift om behandlinga, mellom anna om formålet med behandlinga,
behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast, kven det
kan behandlast personopplysningar om, bruk av automatiserte avgjerder,
vidarebehandling, utlevering og tilgang til personopplysningar.
Ny § 7-10 skal lyde:
§ 7-10 Plikt til å levere vitnemål frå
vidaregåande opplæring til nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av
kompetanse
Skolar som tilbyr
vidaregåande opplæring skal utan hinder av teieplikt levere resultat
frå alle vitnemål og kompetansebevis frå vidaregåande opplæring
til nasjonal database for vitnemål og dokumentasjon av kompetanse,
jf. opplæringslova § 3-14. Departementet kan i forskrift fastsetje
unntak frå denne plikta.
III
I lov 17. juni
2005 nr. 64 om barnehager blir det gjort følgjande endringar:
§ 2 a første ledd nytt
tredje punktum skal lyde:
Barnehagen må ha
tillatelse fra barnets foreldre for å utlevere personopplysninger
om barnet til skolen.
Ny § 47 a skal lyde:
§ 47 a Kommuner, fylkeskommuner og private
barnehagers behandling av personopplysninger
Kommuner, fylkeskommuner
og private barnehager kan behandle personopplysninger, herunder
personopplysninger som nevnt i personvernforordningen artikkel 9
og 10, når det er nødvendig for å utføre oppgaver etter loven.
Ved bytte av barnehage
kan barnehagen levere ut personopplysninger, inkludert personopplysninger som
nevnt i personvernforordningen artikkel 9 og 10, som er nødvendige
for at den nye barnehagen kan gi barnet et tilbud i samsvar med
loven, men bare så langt foreldrene har gitt tillatelse.
Departementet kan
gi forskrift om behandling av personopplysninger etter første og
andre ledd, blant annet om formålet med behandlingen, behandlingsansvar,
hvilke personopplysninger som kan behandles, hvem det kan behandles
personopplysninger om, bruk av automatiserte avgjørelser, adgang
til viderebehandling, utlevering og tilgang til personopplysninger.
§ 48 skal lyde:
§ 48 Plikt til å gi opplysninger om
tjenestedata og regnskapsdata
Kommunale barnehager skal rapportere til Utdanningsdirektoratet
tjenestedata som er nødvendige for å vurdere tilstanden og utviklingen
innenfor barnehagesektoren. Eier av private barnehager skal rapportere slike tjenestedata
og regnskapsdata til kommunen
og til Utdanningsdirektoratet. Tjenestedataene skal ikke inneholde
direkte identifiserbare personopplysninger. Departementet kan gi
forskrift om rapportering av tjenestedata og regnskapsdata, og om
Utdanningsdirektoratets behandling av disse.
§ 50 første ledd skal
lyde:
Før et barn begynner i barnehage,
skal det legges frem en erklæring om barnets helse til barnehagen slik at barnehagen kan legge forholdene
til rette for barnet. Dersom barnet har møtt til ordinære
undersøkelser på helsestasjon, kan slik erklæring gis av barnets
foreldre.
IV
Lova gjeld frå
den tid Kongen fastset. Kongen kan setje i kraft dei ulike føresegnene
til ulik tid.