vedtak til lov
om endringar i bilansvarslova
(verkeområde, ansvarsgrense mv.)
I
I lov 3. februar
1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer, blir det gjort følgjande
endringar:
§ 2 skal lyde:
§ 2 (skade som ikkje går inn under lova)
Ein skade går ikkje inn under lova i
tilfelle då skaden
-
a) kjem av at motorvogna
vert nytta til anna enn køyredoning, eller
-
b) er gjord medan
vogna er forsvarleg fråsegsett utanfor gate, veg eller annan stad
der ålmenta kan ferdast, eller
-
c) er gjord medan vogna er med i organisert
trenings- eller konkurransekøyring på lukka bane eller anna avsperra
område, og det er teikna forsikring i samsvar med reglane som gjeld
for slik køyring, eller
-
d) er atomskade
som går inn under lov om atomenergivirksomhet, kapittel III om erstatning
og forsikring.
§ 5 skal lyde:
§ 5 (skade som ikkje kan krevjast bøtt)
Ein kan ikkje krevja skadebot
etter lova her for skade på
motorvogna sjølv med tilhøyrsle, og heller ikkje for skade på gods
som vert ført med vogna, frårekna gangklede og andre vanlege eigne
bruksting som folk har på seg eller med seg på køyreturen som ferdagods, og
som vert skadde i samband med at folk eller ei vogn får skade.
Ein kan heller ikkje krevja skadebot
etter lova her for skade som nokon får på eiget sitt medan han
køyrer motorvogna eller tilhengjaren eller anna vedheng til dei,
frårekna gangklede og andre vanlege eigne bruksting som folk har
på seg eller med seg på køyreturen som ferdagods, og som vert skadde
i samband med at folk eller ei vogn får skade.
§ 9 skal lyde:
§ 9 (ansvarsgrense ved skade på eige)
Når eige vert skadd, kan skadebota
vera opptil 100 000 000 kroner for
det som vert skadd i same hending. Var det meir enn ei vogn som
gjorde skaden, hefter dei som har ansvaret for kvar vogn, for heile
summen.
Er skaden på eiget større enn 100 000 000 kroner, og meir
enn éin har lide skade, vert summen bytt mellom dei etter storleiken
på kvart skadebotkrav. Krav om skadebot må setjast fram til trygdeverket
eller, om så er, staten eller den kommunen eller kommunale institusjonen
som det gjeld, jf. § 16, seinast ein månad etter skaden vart gjord.
Skadelidar som set fram kravet sitt etter den tid og etter at skadebota
til andre skadelidarar er utreidd, kan krevja sitt berre av det
som står att av ansvarssummen (trygdesummen).
Attåt skadebot som
nemnd i paragrafen her, skal det svarast rente etter § 6 og sakskostnad.
§ 10 skal lyde:
§ 10 (motorvogn som ikkje er trygda eller
ikkje kjend)
Når ei motorvogn
som skulle vore trygda, men ikkje er det, gjer skade på folk eller eige, skal dei trygdelaga som
er godkjende eller registrerte etter § 17 bokstav a, bera skaden
i lag som om vogna hadde vore lovleg trygda hjå dei. Det same gjeld når ei motorvogn
som ikkje er trygda, vert nytta urettmessig. Fyrste og andre punktum gjeld
likevel ikkje om skadelidaren av fri vilje har teke plass i motorvogna
som gjorde skaden, endå skadelidaren visste at ho ikkje var lovleg
trygda.
Har ei motorvogn
gjort skade på folk, fast eigedom eller
dyr, men ingen veit å seia kva for vogn det var, skal dei
trygdelaga som er godkjende eller registrerte etter § 17 første
ledd bokstav a, bera skaden i lag som om vogna hadde vore lovleg
trygda hjå dei. Fyrste punktum
gjeld tilsvarande for skade på anna eige enn fast eigedom og dyr,
men berre når det ved hendinga også er gjort meir enn
uvesentleg skade på person. I vurderinga av om det er gjort meir
enn uvesentleg skade på person, skal det leggjast vekt på kor stor
og varig skaden er.
§ 13 første ledd skal lyde:
Dei trygdelaga som
har reidd ut skadebot etter § 10 fyrste leden, kan søkja utlegget
att, anten nokon er ansvarleg for skaden etter vanlege skadebotreglar
eller ikkje, hjå den som forsømde å trygda motorvogna, eller hjå
den som køyrde eller brukte henne
då skaden vart gjord, endå han visste eller måtte vita at vogna
ikkje var lovleg trygda. Om
motorvogna vert nytta urettmessig, svarar brukaren i staden for
eigaren. Kjem det til å verka urimeleg i fall heile kravet
lyt svarast, og åtferda er orsakande, kan retten minka kravet.
§ 15 skal lyde:
§ 15 (motorvogner skal vera trygda)
Motorvogn som er
registrert eller skulle vore registrert eller ha kjennemerke etter
vegtrafikklova, skal eigaren trafikktrygda for all skade som går
inn under kapitel II. Anna
motorvogn skal eigaren trafikktrygda om han let vogna
verta brukt, faren med eller fråsegsett på slik vis at det kan koma
opp skadebotkrav etter denne lova.
§ 17 første ledd bokstav
h og ny bokstav i skal lyde:
-
h) trygding for
motorvogner som blir ført inn til riket utan å vere registrert her,
-
i) at alle eller sume slag uregistrerte
motorvogner skal ha med lovleg trygdeprov når dei vert køyrde eller
fråsegsette på gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast.
§ 20 skal lyde:
§ 20 (straffer)
Om nokon
-
a) brukar eller
køyrer ei motorvogn endå han veit eller må vita at vogna ikkje er
lovleg trygda, eller
-
b) let vera å retta
seg etter påbod om trygdeprov, gjevne med heimel i § 17 fyrste leden bokstav i,
vert han straffa med bot.
§ 21 første ledd skal lyde:
Kongen utpeiker eit eller fleire
organ som skal sjå til at trygdelag, skadebehandlingsrepresentantar,
informasjonssenter og erstatningsorgan oppfyller sine plikter etter
lover og forskrifter som gjennomfører direktiv 2009/103/EF.
II
Lova gjeld frå
den tida Kongen fastset. Kongen kan setje i kraft dei ulike føresegnene
til ulik tid.