vedtak til lov
om endringar i stadnamnlova
(organisering av stadnamntenesta m.m.)
I
I lov 18. mai 1990
nr. 11 om stadnamn blir det gjort følgjande endringar:
§ 1 andre ledd skal lyde:
Lova skal sikre
omsynet til norske,
samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale
avtalar og konvensjonar.
§ 2 første ledd bokstav a skal
lyde:
-
a) stadnamn: namn
på terrengformasjonar som fjell og vatn, kulturformasjonar som gardsområde, gardsbruk,
vegar og bruer, administrative område som kommunar og sokn, reinbeitedistrikt, institusjonar
og adresser
§ 3 andre ledd skal lyde:
Eit nedervd stadnamn
kan berre bytast ut med eit anna namn som er på same språk,
og som har tradisjon som namn på det same namneobjektet. Unntak
kan gjerast dersom særlege grunnar talar for det.
§ 4 skal lyde:
§ 4 Reglar om skrivemåten
Dersom ikkje anna
er fastsett i denne lova, skal det ved fastsetjing av skrivemåten
av stadnamn takast utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen. Skrivemåten skal
følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk, samisk og kvensk. Skogfinske
stadnamn på Austlandet følgjer norske rettskrivingsprinsipp.
Har skrivemåten vore lenge i bruk,
og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving
og rettskrivingsprinsipp.
Når det same namnet
er brukt om ulike namneobjekt på den same staden, skal den skrivemåten
som er brukt for det namneobjektet namnet opphavleg vart brukt om,
som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre
namneobjekta. Dette gjeld ikkje i dei tilfella der det opphavlege
namnet på namneobjektet er eit bruksnamn med ein skrivemåte som
er fastsett av grunneigaren.
To eller fleire
skriftformer av same namn på det same namneobjektet kan fastsetjast
som sidestilte, dersom eitt eller fleire av desse vilkåra er oppfylte:
-
a) det finst fleire
uttalevariantar av namnet fordi lokaliteten har stor geografisk
utbreiing, eller ligg i eit dialektalt eller administrativt grenseområde
-
b) to eller fleire
skriftformer av namnet er vel innarbeidde
-
c) det er sterk
lokal interesse for to eller fleire av formene
§ 5 skal lyde:
§ 5 Særskilde reglar om gardsnamn og
bruksnamn
Skrivemåten av gardsnamn
og bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedervde
stadnamn, eller med andre stadnamn som etter reglane i denne lova
eller i andre lover og forskrifter skal brukast av det offentlege,
skal fastsetjast etter reglane i §§ 4
til 8.
Vedtak om skrivemåten
av gardsnamn skal som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten
av bruksnamn som er identisk med gardsnamnet. Det same gjeld der gardsnamnet
går inn som ein del av bruksnamnet.
I saker om skrivemåten
av nedervde bruksnamn har eigaren rett til å fastsetje skrivemåten
dersom han kan dokumentere at den ønskte skrivemåten har vore i offentleg
bruk som bruksnamn.
Eigaren eller festaren
kan, med dei avgrensingane som følgjer av § 3, sjølv velje namn
og fastsetje skrivemåten av namnet på eit nyoppretta bruk eller
eit bruk som ikkje har eit nedervd namn.
§ 6 skal lyde:
§ 6 Igangsetjing av stadnamnsak
Saker om skrivemåten
av stadnamn kan takast opp av
-
a) eit offentleg
organ og andre som er nemnde i § 1 tredje ledd
-
b) eigaren eller
festaren i saker som gjeld namn på eige gardsbruk eller eigedom
-
c) ein lokal organisasjon
med særleg tilknyting til eit stadnamn
-
d) stadnamntenesta
§ 7 skal lyde:
§ 7 Avgjerder
Kommunen vel namn på og vedtek
skrivemåten på tettstader, grender, kommunale gater, vegar, torg,
bydelar, bustadfelt, kommunale anlegg o.l. og vedtek skrivemåten
av offisielle adresser.
Fylkeskommunen vel namn på og vedtek
skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg o.l.
Statlege organ vel namn på statlege
anlegg. Eit reinbeitedistrikt vel namnet på distriktet. Statens
kartverk vedtek skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn,
naturnamn, namn på reinbeitedistrikt, namn
på statlege anlegg o.l. dersom ikkje anna er fastsett i lov eller
forskrift.
Det kan gjerast
samlevedtak for skriftforma av eit namneledd innanfor det same administrative
området.
Er det tvil om kven
som etter desse reglane skal fastsetje skrivemåten av eit stadnamn,
kan spørsmålet leggjast fram for departementet til avgjerd.
Ei namnesak må reisast
samtidig for parallellnamn på norsk, samisk og kvensk.
Med mindre anna
er fastsett i lov eller i medhald av lov, gjeld reglane i forvaltningsloven
kapittel IV, V og VIII ikkje for saker etter lova her.
§ 8 skal lyde:
§ 8 Kunngjering og høyring
Når ei namnesak
er teken opp med vedtaksorganet, skal saka gjerast kjend for dei
som har rett til å uttale seg. Kommunane
har ansvar for å kunngjere at det er reist namnesak.
I saker om skrivemåten
av nedervde bruksnamn, der eigaren har rett til å fastsetje skrivemåten,
jf. § 5 tredje ledd,
kan skrivemåten vedtakast utan høyring.
Eigaren eller festaren
har rett til å uttale seg i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn.
Eigaren eller festaren har òg rett til å uttale seg i saker som
gjeld gardsnamn, når skrivemåten av gardsnamnet skal vere retningsgivande
for skrivemåten av bruksnamnet.
Kommunane har rett
til å uttale seg når vedtaket skal gjerast av andre organ enn kommunen
sjølv. Fylkeskommunane har rett til å uttale seg i saker som gjeld område
som femner om meir enn ein kommune. Lokale organisasjonar har rett
til å uttale seg i saker som gjeld stadnamn organisasjonen har ei
særleg tilknyting til.
§ 9 skal lyde:
§ 9 Tilråding
Før det blir gjort
vedtak om skrivemåten, skal stadnamntenesta gi tilråding om skrivemåte, namneskikk og namnsetjing.
Grunneigaren kan
be om å få ei tilråding frå stadnamntenesta i saker som gjeld namn
på eige gardsbruk eller eigedom.
§ 10 skal lyde:
§ 10 Gjenopning
Ei sak kan bli
gjenopna av dei som er nemnde i § 6 bokstav
a til d, dersom det kjem til nye opplysningar. Nytt vedtak
skal gjerast etter reglane i denne lova.
Noverande § 9
blir § 11.
§ 12 skal lyde:
§ 12 Klage
Vedtak etter denne
lova kan påklagast av dei som etter § 6 første ledd bokstav a til c har
rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Tilsvarande
gjeld for vedtak om namnsetjing etter anna lov, dersom vedtaket er
i strid med § 3 i lova her. Offentlege organ har berre klagerett
i saker som gjeld namn dei skal bruke i tenesta. Klageretten gjeld
også vedtak gjorde av kommunar og fylkeskommunar. Ei klage skal
grunngivast. Vedtak gjorde
av eit departement i medhald av delegert mynde, eller av Kongen,
kan ikkje påklagast.
Klager på andre
vedtak enn dei som er gjorde av eit departement, skal behandlast
av ei klagenemnd oppnemd av Kongen. I klagesaker av prinsipiell
karakter kan klagenemnda gi Språkrådet, Sametinget og departementet
høve til å uttale seg.
Feilbruk og manglande
bruk av stadnamn etter § 11 kan påklagast til det organet som er nærast overordna
det organet som klagen gjeld. Fylkesmannen er klageinstans når klagen
gjeld kommunale eller fylkeskommunale organ. Manglande vedtak
kan påklagast til klagenemnda.
Eit departement
som gjer vedtak om skrivemåte, har plikt til å ta saka opp til ny
avgjerd etter klage. Departementet skal i slike saker innhente tilråding
frå klagenemnda.
For førebuinga
av ei klagesak gjeld saksbehandlingsreglane i §§ 8 og 9 tilsvarande.
Elles gjeld reglane i forvaltningsloven kapittel VI.
§ 13 skal lyde:
§ 13 Stadnamntenesta
Språkrådet er stadnamnteneste for
norske og kvenske stadnamn. Sametinget er stadnamnteneste for
samiske stadnamn.
Stadnamntenesta skal
gi rettleiing og tilråding om skrivemåten
av stadnamn, namneskikk og namnsetjing. Tenesta kan òg uttale seg om bruk
av stadnamn.
Noverande §§ 12-14
blir nye §§ 14-16.
II
Lova gjeld frå
1. juli 2019.