Vedtak til lov om endringar i barnelova
Innhold og søk
Til toppen
I Stortingets møte 11. juni
2018 ble det gjort følgende
vedtak til lov
I
I lov 8. april
1981 nr. 7 om barn og foreldre gjer ein følgjande endringar:
§ 15 andre ledd skal lyde:
Dersom mora eller
barnet bur på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016 nr. 88 om
folkeregistrering med forskrifter, eller det er søkt om eller gjeve
løyve til å nytte fiktive personopplysningar for mora eller barnet,
jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan saka reisast for
Oslo tingrett.
§ 57 tredje punktum skal lyde:
Dersom barnet bur
på sperra adresse, jf. lov 9. desember 2016
nr. 88 om folkeregistrering med forskrifter, eller det
er søkt om eller gjeve løyve til å nytte fiktive personopplysningar
for barnet, jf. lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14 a, kan
saka reisast for Oslo tingrett.
I kapittel 10 skal ny § 85
a lyde:
§ 85 a Innhenting av opplysingar frå Folkeregisteret
Folkeregistermyndigheita skal, utan
hinder av teieplikt, gje dei opplysingane som er naudsynte for utføring av
oppgåver etter lova her.
II
Endringane under
I tek til å gjelde straks.
Tone Wilhelmsen Trøen
president