vedtak til lov
om endringer i lov
6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)
I
I lov 6. juni 1975
nr 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) gjøres
følgende endringer:
§ 3 første ledd bokstav c skal
lyde:
-
c) berre på kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet
og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, eller
§ 3 første ledd bokstav d skal
lyde:
-
d) berre på næringseigedom, kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet
og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum, eller
§ 3 første ledd bokstav g skal
lyde:
-
g) faste eigedomar
i heile kommunen, unnateke nær-ingseigedom,
kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta av særskattereglane
for petroleum.
§ 4 annet ledd skal lyde:
Til faste eigedomar
vert rekna bygningar og tomt som høyrer til, huslause grunnstykke
som hagar, lykkjer, vassfall, laste-, opplags- eller arbeidstomter,
bryggjer og liknande og likeeins
næringseigedom. Til næringseigedom vert m.a. rekna fabrikkar, sagbruk, industrielle
verk, steinbrot, losse- og lasteplassar og liknande arbeids- og
driftsstader samt kontorlokale, butikk, hotell og serveringsstad
mv. Produksjonsutstyr og -installasjonar skal ikkje reknast med
i eigedomsskattegrunnlaget for næringseigedom. Til næringseigedom
vert ikkje rekna kraftverk, vindkraftverk, kraftnettet og anlegg omfatta
av særskattereglane for petroleum. For vindkraftverk, kraftnettet
og anlegg omfatta av særskatte-reglane for petroleum skal arbeidsmaskinar
og tilhøyrsle og ting som kan setjast i klasse med slikt ikkje reknast
med utan tingen er ein part av sjølve føretaket.
§ 4 tredje ledd første punktum
skal lyde:
Flytande anlegg
i sjø for oppdrett av fisk, skjell, skalldyr og andre marine artar
vert jamnstelt med nær-ingseigedom
og anlegg nemnde i andre leden fjerde punktum, når anlegget
har vore stasjonert i kommunen i over 6 månader i året før skatteåret.
§ 8 A-2 første ledd nytt annet
punktum skal lyde:
Verdet av næringseigedom skal setjast
til teknisk verde når det ikkje er mogleg å fastsetje verdet etter
regelen i første punktum.
§ 8 A-2 annet ledd skal lyde:
Verdet av vindkraftverk, kraftnettet
og anlegg omfatta av særskattereglane for petroleum skal
setjast til teknisk verde, eller avkastningsverde når det gir best
uttrykk for verdet.
§ 8 B-1 første ledd nytt annet
og tredje punktum skal lyde:
Driftsmiddel som er knytta til kraftproduksjonen
og heilt eller delvis inngår i verdet etter første punktum, og uavhengig
av om det er ein del av kraftanlegget etter skatteloven § 18-1,
kan berre verdsetjast særskilt med den andel av driftsmiddelet som
ikkje er knytt til kraftproduksjonen etter skatteloven § 18-5 fjerde
leden. Dette gjeld likevel ikkje for driftsmiddel som ligg i ein
annan kommune enn kraftanlegget.
§ 13 første og annet ledd skal
lyde:
Første året det
vert utskrive eigedomsskatt i ein kommune, må skatten ikkje vera
større enn kr 1 av
kvart kr 1 000 av takstverdet. Seinare kan skatten ikkje i noko år
aukast med meir enn kr 1 for
kvart kr 1 000. Skatten kan likevel aukast med kr 3 for kvart kr 1 000
for huslause grunneigedomar. Skatten kan aukast med kr 2 for kvart kr 1 000 for
eigedomar som nemnde i § 12 bokstav a same år som kommunen innfører
botnfrådrag i eigedomsskatten. Skattøyret kan ikkje aukast same
år som botnfrådrag fell bort. Derimot kan eigedomsskatten setjast
ned til dei nemnde minstegrensene frå eit år til det neste utan
omsyn til kor høg skattesatsen er frå før.
Ved første gongs
utskriving på bustader og fritidsbustader som følgje av overgang
til nytt utskrivingsalternativ skal skatten for slik eigedom vere
kr 1 for kvart kr 1 000
av takstverdet. Reglane i første leden andre punktum flg. gjeld
tilsvarande.
Overgangsregel til eigedomsskattelova
§§ 3 og 4:
Kommunar som i skatteåret
2018 skreiv ut eigedomsskatt på verk og bruk som frametter vert
rekna som næringseigedom kan frå og med skatteåret 2019 til og med
skatteåret 2024 skrive ut eigedomsskatt på eit særskilt fastsett
grunnlag. Det særskilte grunnlaget skal baserast på differansen
mellom eigedomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019 som er forårsaka
av at produksjonsutstyr og -installasjonar ikkje skal reknast med
i grunnlaget. Dette særskilte grunnlaget skal i 2019 vere lik seks sjudelar
av differansen, og reduserast med ein sjudel kvart påfølgjande år.
Skattesatsen ved slik avtrappa utskriving kan ikkje vere høgare
enn den som blei nytta for dei same eigedomane for skatteåret 2018.
II
Endringene under
I trer i kraft straks med virkning fra og med skatteåret 2019.