I lov 3. februar
1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova) gjøres
følgende endringer:
Ny § 17 a skal lyde:
§ 17 a (gebyr til Trafikkforsikringsforeningen)
Om ei motorvogn
ikkje er trygda etter § 15 fyste punktum, skal eigaren betale eit
gebyr til Trafikkforsikringsforeningen. Ved eigarskifte skal den
nye eigaren betale gebyr sjølv om trygda frå den tidlegare eigaren gjeld
etter forsikringsavtaleloven § 7-2.
Trafikkforsikringsforeningen
kan etter søknad ettergi gebyret heilt eller delvis dersom brot
på plikta til å tinga trafikktrygding må reknast som unnskuldeleg som
følgje av tilhøve utanfor den ansvarlege sin kontroll.
Gebyret skal svare
til den høgste premie for trafikktrygding i Noreg med eit tillegg
som departementet kan fastsetje ved forskrift.
Trafikkforsikringsforeningen
ilegg og krev inn gebyret.
Forvaltningsloven
gjeld ikkje for avgjerd om gebyr.
Departementet kan
gje nærare føresegner om fastsetjing og gjennomføring av gebyr,
under dette om sakshandsaming, varigheita og storleiken på gebyret,
om rett til å klage på avgjerd i sak om gebyr eller om ettergiving
av gebyr.
§ 18 annet ledd skal lyde:
Det same gjeld gebyr etter § 17 a og
eigen vågnadssum i samsvar med offentleg godkjende trygdevilkår.
§ 19 første ledd skal lyde:
Om ein trygdeavtale held
opp å gjelda, skal Trafikkforsikringsforeningen
gi melding til motorvognregisteret om dette. Kjennemerke kan utan
vidare varsel dragast inn etter nærare føresegner gitt av departementet.
I føresegnene kan departementet og fastsetja at kjennemerke som
er dregne inn, ikkje skal leverast ut att før det er betalt ei særleg
avgift.