Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Om å gå inn for at ikkje-fyrstebruk av atomvåpen blir ein del av NATOs strategiske konsept

Datert: 04.05.2022
Besvart: 04.05.2022 av utenriksminister Anniken Huitfeldt

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Krigen i Ukraina har aktualisert spørsmålet om bruk av atomvåpen. Etter Russlands invasjon den 24. februar kunngjorde Putin at han har gjeve ordre om at landets kjernefysiske styrkar skulle setjast i beredskap. Terskelen for bruk av atomvåpen har blitt lågare. Den nye sikkerheitspolitiske situasjonen gjev grunn til å sjå med nye auge på bruk og truslar om bruk av atomvåpen. Spørsmålet om kva som kan gjerast for å unngå ein atomkrig, var nok ikkje teori før heller og er det i alle fall ikkje no.

I Hurdalsplattforma blir det lagt til grunn at regjeringa skal auka Noreg sin innsats for kjernefysisk nedrusting. Utanriksministeren uttrykte òg i november at «Norge vil støtte tiltak som reduserer atomvåpnenes betydning i forsvarsdoktriner, samt tiltak som reduserer risikoen for bruk av kjernevåpen (…)».

På toppmøtet i Madrid i juni skal NATO vedta eit nytt strategisk konsept for alliansen. Dersom prinsippet om ikkje å bruka atomvåpen fyrst blir del av det nye strategiske konseptet, vil det vera eit verdifullt bidrag til auka føreseielegheit og redusert spenning i dagens uføreseielege situasjon. Det vil gje Russland eit påskot mindre for å bruka atomvåpen fyrst og heva terskelen for alle atommaktene. Dette vil vera eit viktig steg for å redusera atomvåpen si rolle i sikkerheitspolitikken, sånn regjeringa og utanriksministeren har sagt at dei vil gjera.

Spørsmålet mitt er: Vil regjeringa gå inn for at ikkje-fyrstegongsbruk av atomvåpen blir ein del av NATOs strategiske konsept?

Les hele debatten