Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om ein praksis som fører til at berre 15 av 100 born som barnevernet tek omsorga for, vert plasserte i _fosterheimar hjå eigne slektningar_
Datert: 04.03.2003
Besvart: 19.03.2003 av barne- og familieminister Laila Dåvøy

Magne Aarøen (KrF): I VG den 27. februar i år kan vi lese om ei doktoravhandling av Tromsø-forskaren Amy Holtan som påviser at berre 15 av 100 born, som barnevernet tek over omsorga for, vert plasserte i fosterheimar hjå eigne slektningar. Ut frå denne avhandlinga synest det frå barnevernet si side å ligge til grunn ein bevisst strategi til å ikkje plassere fosterheimsborn i familiar til eigne slektningar.
Er statsråden nøgd med ein praksis som fører til eit slikt resultat, og kva vil ho eventuelt gjere med det?