Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om å få redusert _talet på likningsnemnder og overlikningsnemnder_ frå 434 til 99, som er talet på likningskontor og likningssjefar
Datert: 11.12.2002 Besvart: 18.12.2002 av finansminister Per-Kristian Foss
Gjermund Hagesæter (FrP): Sjølv om tal likningskontor og likningssjefar i 2001 blei redusert til 99 kontor/sjefar, må likningsforvaltninga framleis forholda seg til 434 likningsnemnder og 434 overlikningsnemnder. Det at dei fleste likningskontor må forholda seg til fleire nemnder er kostbart, medfører lengre saksbehandlingstid og kan også resultere i ulik likningspraksis innanfor samme kontor. Vil statsråden ta initiativ til at også tal likningsnemnder og overlikningsnemnder blir redusert frå 434 til 99?