Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til næringsministeren

Om regjeringa vil opna skuffen med alle reiskapane i den aktive industripolitikken og sørgja for at Noreg framleis skal vera ein avansert industrinasjon

Datert: 14.01.2026
Besvart: 14.01.2026 av næringsminister Cecilie Myrseth

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Eg vil gjerne utfordra næringsministeren på industripolitikk. Noreg har vore ein industrinasjon i meir enn 100 år. Det har ikkje skjedd av seg sjølv, men er resultatet av ein aktiv industripolitikk. Vannkrafta og olja skulle koma fellesskapet til gode og vera grunnlaget for industriproduksjon i norske lokalsamfunn – ikkje bli selde uforedla ut av landet.

Dei ti oljeboda tidleg på 70-talet stilte krav om lokalt innhald, teknologioverføring og lokale ringverknader, og sånn skapte me den leverandørindustrien som sysselsette størstedelen av dei som jobbar i olja. Fellesskapet tok gjennom staten ansvar for å sikra verdiskaping og skapa arbeidsplassar.

Så blei den aktive industripolitikken lagt i skuffen. Dei siste tiåra har mantraet både i Noreg og i andre vestlege land vore at marknaden, frihandelen og lågast mogleg pris skal bestemma kvar og korleis industriproduksjonen skal skje. Og resultatet ser me jo: EU er i ferd med å bli avindustrialisert, Asia har teke over, og plutseleg oppdagar me at me er sårbare. Både leverandørindustrien og fastlandsindustrien har tøffe tider no. Rosenberg i Stavanger har allereie gjennomført ei stor nedbemanning. Ved Aker i Verdal kan 300 mista jobben, og jernlegeringsindustrien er i ein dobbelt skvis av høge straumprisar og EU-toll.

For å sikra og styrkja den norske industrielle ryggrada treng me meir enn frihandel og det å la marknaden rå. Norsk industri kan ikkje alltid tilby den lågaste prisen, men kan gje god kvalitet, låge klimautslepp og vera med på å byggja samfunn og velferd.

Spørsmålet mitt er: Vil regjeringa opna skuffen med alle reiskapane i den aktive industripolitikken og sørgja for at Noreg framleis skal vera ein avansert industrinasjon?

Les hele debatten