Spørretimespørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Ny riksveg 15 med arm til Geiranger er vedteke i siste behandling av NTP i eige romertallsvedtak, og er av Statens vegvesen lagt inn i handlingsprogrammet for dei neste seks åra, og skal bygges. Derimot har vi registrert signal frå Statens vegvesen og prosjektleiinga av prosjektet om at ein har tenkt å "utgreie nye konsept gjennom ny kommunedelplan eller KVU". Noko slikt er rett og slett trenering av prosjektet, eit prosjekt Statens vegvesen tydelegvis ikkje ønsker. Vil statsråden følge opp Stortinget sitt vedtak vedrørande dette viktige prosjektet?

Datert: 11.10.2025
Besvart: 22.10.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Ny riksveg 15 med arm til Geiranger er vedteke i siste behandling av NTP i eige romertallsvedtak, og er av Statens vegvesen lagt inn i handlingsprogrammet for dei neste seks åra, og skal bygges. Derimot har vi registrert signal frå Statens vegvesen og prosjektleiinga av prosjektet om at ein har tenkt å "utgreie nye konsept gjennom ny kommunedelplan eller KVU". Noko slikt er rett og slett trenering av prosjektet, eit prosjekt Statens vegvesen tydelegvis ikkje ønsker.
Vil statsråden følge opp Stortinget sitt vedtak vedrørande dette viktige prosjektet?


Les hele debatten