Senterpartiet og Arbeiderpartiet i regjering har gjennomført eit viktig oppryddingsarbeid etter Solberg-regjeringa si liberalisering av drosjenæringa, men vi er langt frå i mål med alle tiltaka som må til. Det er svært viktig med framdrift i det vidare arbeidet. Drosjeutvalet leverte i fjor sommar den andre delrapporten, og statsråden meldte for ei tid tilbake at regjeringa ville leggje fram ein proposisjon om saka som kunne handsamast i vårsesjonen.
Når vert denne proposisjonen framlagd, og kva for nye tiltak meiner statsråden er viktigast å gjennomføre?
Datert: 08.05.2025
Til behandling