Spørretimespørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til næringsministeren

Datert: 24.04.2025
Til behandling

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Finland har lagt planar for etablering av 300 sokalla beredskapsbutikkar innan 2028, butikkar som skal kunne fungere sjølv om straumforsyninga er nede, ved at styresmaktene stiller med reservegeneratorar. Slik beredskapstenking der ein i større grad sikrar at ein har fleire mindre beredskapslager kringom i heile landet, bør også vurderast i Noreg, og Senterpartiet meiner det må etablerast beredskapsbutikkar tilsvarande dei ein har i Finland.
Korleis stiller statsråden seg til etablering av eit system med beredskapsbutikkar i Noreg?