Spørsmål
Kjersti Toppe (Sp): Nok ein gong planlegg sjukehusa i Nord-Noreg å stenge fødeavdelingar om sommaren. Gravide kvir seg og er redde for å ikkje nå fram til sjukehuset i tide. Sommaren er den travlaste tida for fødslar. Sommarstengde fødeavdelingar vil ifølgje leiar i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup, gi auka risiko for dei gravide kvinnene. Ho viser til at brannstasjonar og akuttmottak ikkje blir sommarstengde, men fødeavdelingar stenger altså dørene.
Vil statsråden gripe inn og hindre sommarstengde fødetilbod?