Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til statsministeren

Om statsministeren vil sørgja for at vårens jordbruksoppgjer fylgjer opp den opptrappingsplanen for inntekter i jordbruket som ligg i Hurdalsplattforma

Datert: 26.03.2025
Besvart: 26.03.2025 av statsminister Jonas Gahr Støre

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Å styrkja beredskapen i Noreg var ei hovudsatsing frå Senterpartiet då me sat i regjering med Arbeidarpartiet. Styrkt matberedskap, auka sjølvforsyning av mat og ein offensiv landbrukspolitikk for eit landbruk i heile landet har vorte høgt prioritert av både Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

Norsk landbruk er fantastisk. Naturressursar både på matjorda og i utmarka vert brukte til å produsera rein og trygg mat. Norske bønder produserer mat i verdsklasse på ein miljøvenleg måte.

Saman har me fastsett eit mål om å auka sjølvforsyninga av mat i Noreg frå 40 til 50 pst. innan 2030. Dette er 25 pst. vekst i norsk matproduksjon. Me har vore einige om at det viktigaste tiltaket for å styrkja norsk matproduksjon er å gjera det meir lønsamt å produsera mat. Me vil ha bønder som ønskjer å satsa på matproduksjon, me vil ha ungdom som ønskjer å ta over garden, og me vil ha eit landbruk i heile landet.

Me har vore einige om at lønsemda i matproduksjonen må opp. Bøndene må tene meir på å vera bønder. Difor har me i denne stortingsperioden fått på plass tre historisk gode jordbruksoppgjer. Me har hatt ein opptrappingsplan for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet. Me har auka overføringane over jordbruksavtalen med 67 pst. og heva det årlege nivået med 12 mrd. kr samanlikna med 2021. Men me er framleis ikkje i mål. Det gjenstår to år av opptrappingsperioden for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper. Spørsmålet mitt til statsministeren er difor: Vil statsministeren sørgja for at vårens jordbruksoppgjer fylgjer opp den opptrappingsplanen for inntekter i jordbruket som ligg i Hurdalsplattforma?

Les hele debatten