Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om statsråden har ein plan for korleis pasientar med rusproblem og psykiske lidingar skal få den helsehjelpa og oppfølginga dei treng
Datert: 27.03.2025
Besvart: 02.04.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Kjersti Toppe (Sp): Nok ein gong får styresmaktene, departement og helseføretak kritikk for å ikkje makta å gi pasientar med samtidige rusproblem og psykiske lidingar den helsehjelpa og oppfølginga dei treng. Riksrevisjonen meiner tilstanden er sterkt kritikkverdig. Mange av pasientane lir under manglande samarbeid mellom ulike sektorar i velferdsstaten, som Nav, kommune, og spesialisthelseteneste.
Har statsråden ein plan for korleis Riksrevisjonen sin rapport og sterke kritikk faktisk skal føre til endring, og faktisk vil gi ROP-pasientar den hjelpa dei treng?