Spørsmål
Ingrid Fiskaa (SV): Då skal utanriksministeren få svinga seg igjen.
Vår såkalla nærmaste allierte og leiar for den frie verda, USA, er ikkje lenger leiar for den frie verda. Trump-administrasjonen har stilt seg i spissen for demonteringa av internasjonal rett og internasjonalt samarbeid, gjentek russisk propaganda om krigen i Ukraina, går til angrep på demokrati og ytringsfridom, trugar allierte med militær maktbruk og heiar fram den ytre, autoritære høgresida i Europa. Spørsmålet er: Er USA framleis vår nærmaste allierte? Trump har gjort det klart at dei set «America first». Det er sjølvsagt USA sine eigne interesser som vil avgjera om dei eventuelt vil koma andre til unnsetning. Sviket mot Ukraina og trugslane om å ta Grønland med militærmakt peiker i ei heilt anna retning.
For norsk utanriks- og sikkerheitspolitikk må dette bety ei realitetsorientering. I årevis har førestillinga om at USA uansett vil forsvara oss, vore som eit religiøst dogme. Det skulle ikkje stillast spørsmål ved, samtidig som det har lagt sterke føringar på innretninga av vårt eige forsvar og på norsk utanrikspolitikk. Noreg har stilt lojalt opp for USA på krigsoppdrag, og norske regjeringar har tilpassa seg til det USA kan akseptera, i håp om at det vil koma oss til gode ein annan gong. Om det i det heile var ein brukbar strategi før, er det i alle fall ikkje det lenger. Det vil ta tid å gjera oss mindre avhengige av USA, og det er eit arbeid som må starta no. Er utanriksministeren einig i at me gjer klokt i å setja norske interesser fyrst, byggja alliansar som faktisk er bygde på felles interesser, og bli meir uavhengige av USA?