Spørsmål
Frank Edvard Sve (FrP): Då får utanriksministeren pause, for dette spørsmålet er til samferdselsministeren.
Regjeringa føreslår eit forbod mot varsling av vegforhold. Vi veit at bilistar flest er omsynsfulle og aktsame i trafikken, og vidare har vi politiet, som har som si viktigaste oppgåve på vegen å førebyggje farlege situasjonar. Synleg politi eller informasjon om at politiet er på vegen, er også førebyggjande. Av slike grunnar varslar politiet sjølv om sine eigne kontrollaktivitetar. Bruk av fotoboksar er ei kontroversiell kontrollform, i særleg grad strekningsmålingane. Det skal alltid varslast om slike kontrollar. Ifølgje statsråden sin eigen rapport seier tyske vegmyndigheiter, som handterer ei langt større trafikkmengde enn statsråden gjer, at varsel om kontroll gjer sjåførar meir merksame, og at slik konkret informasjon òg har ein førebyggjande effekt utover det konkrete kontrollpunktet.
Kan statsråden forklare kvifor det som i andre land vert omtalt som førebyggjande, liksom skal vere trafikkfarleg i Noreg?