Spørretimespørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til justis- og beredskapsministeren

Om statsråden vil sørge for at det vert gjort ei ny og raskare vurdering av søknadane til norsk-palestinarar som har søkt om familiegjenforening i ljos av den kritiske situasjonen

Datert: 23.11.2023
Besvart på vegne av: Justis- og beredskapsministeren
Besvart: 29.11.2023 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Israel har svara på terrorangrepet den 7. oktober med ei grusom kollektiv avstraffing av heile befolkninga i Gaza. Men også den palestinske befolkninga på Vestbreidda og rundt om i Israel vert straffa for Hamas sitt brutale terrorangrep. Trakassering og vald mot palestinarar har auka i omfang, spesielt på Vestbreidda, der dei valdlege busettarane får fare fram som dei vil, utan at politiet grip inn. Over 200 palestinarar er drepne på Vestbreidda sidan den 7. oktober. Norsk-palestinarar som har søkt om familiegjenforeining, ventar på svar, og nokon har fått avslag.
Vil statsråden sørge for at det vert gjort ei ny og raskare vurdering av søknadane i ljos av den kritiske situasjonen?


Les hele debatten