Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til landbruks- og matministeren

Om kvifor regjeringa vil nekte andre land å brødfø eiga befolkning ved å innføre restriksjonar på eksport, med omsyn til eit initiativ i WTO der Noreg, saman med ei rekke andre rike, vestlege land, ønskjer å innføre eit forbod mot at land kan innføre eksportrestriksjonar på mat

Datert: 25.05.2022
Besvart: 25.05.2022 av landbruks- og matminister Sandra Borch

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): I midten av juni skal WTO, Verdas handelsorganisasjon, ha sitt neste ministertoppmøte. Der kjem matvarekrisa til å få ei sentral rolle. Eg reknar med at jordbruksministeren kjem til å reise ned og delta i diskusjonane der.

Eg står her med eit skriv som Noreg har skrive under på. Det er eit initiativ i WTO der Noreg, saman med ei rekkje andre rike, vestlege land, ønskjer å innføre eit forbod mot at land kan innføre eksportrestriksjonar på mat – ein vil altså innføre eit forbod mot at land kan ha restriksjonar på eksport av mat. Dette skjer samtidig som verda er i ei akutt matkrise. Land i store delar av verda kjempar no ein kamp for å halde oppe produksjonen og brødfø eiga befolkning. Prisen på bensin, gjødsel, såkorn og andre innsatsfaktorar har skote i vêret og ført til at spesielt fattige land no har store problem med å halde oppe eigen matproduksjon og brødfø si eiga befolkning.

Kvifor vil regjeringa nekte desse landa å brødfø eiga befolkning ved å innføre restriksjonar på eksport?

I dag finst det ingen slike typar restriksjonar på matvarer i WTO-avtalen, nettopp fordi det har vore tradisjon for at land skal ha moglegheit til å sikre si eiga befolkning mat først, for så å eksportere overskotsvarer.

Grunnen til at eg spør jordbruksministeren, er at eit av hovudmåla i norsk jordbrukspolitikk har vore å brødfø vår eiga befolkning. Kvifor vil regjeringa nekte andre land å gjere det same?


Les hele debatten