Spørretimespørsmål fra Lene Vågslid (A) til justis- og beredskapsministeren

Om at posisjonsdata blir selde i stor skala, og kva statsråden har aktivt gjort for å følgje opp og handheve personvernregelverket, og å styrke personvernet vårt i møte med ein industri som vil profittere på våre personopplysningar og vårt privatliv

Datert: 13.05.2020
Rette vedkommende: Distrikts- og digitaliseringsministeren
Besvart: 20.05.2020 av distrikts- og digitaliseringsminister Linda Hofstad Helleland

Lene Vågslid (A)

Spørsmål

Lene Vågslid (A): I 2018 blei EUs personvernforordning gjennomført i norsk lov. For at denne styrkinga av personvernet skal bli ein realitet er me avhengige av god og effektiv handheving av regelverket. NRK-avsløringa "Avslørt av mobilen", viser at posisjonsdata blir selde i stor skala.
Kva har statsråden aktivt gjort for å følgje opp og handheve personvernregelverket, og kva for plan har statsråden for å styrke personvernet vårt i møte med ein industri som vil profittere på våre personopplysningar og vårt privatliv?


Les hele debatten