Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til finansministeren

Om kva finansministeren synest om at under halvparten av jobbveksten er komen i fylke utanfor Oslo og Akershus, og om det er rett for landet vårt at mesteparten av jobbveksten skjer i berre to fylke

Datert: 06.11.2019
Besvart: 06.11.2019 av finansminister Siv Jensen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Spørsmålet mitt går til finansministeren.

Som finansministeren er godt kjend med, har dessverre sysselsetjinga i Noreg sokke over tid. Me har no ein sysselsetjingsgrad som er på rett over 70 pst., og det betyr at godt over kvar fjerde nordmann i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet. Me har sett at det har vore noko vekst det siste året, men veksten har vore svak. Eg er sikker på at finansministeren er einig med meg i at me bør gjera alt me kan for at fleire av desse skal kunna få jobb og verta til noko av det vakraste som finst, nemleg økonomisk frigjorde menneske og skattebetalarar.

Menneske som står utanfor arbeid, finst over heile landet, så då må me sørgja for at det vert skapt arbeidsplassar over heile landet. Dette var eit viktig prinsipp for den raud-grøne regjeringa, og det førte til at omtrent 65 pst. av jobbveksten på den tida kom utanfor Oslo og Akershus. Under dagens regjering ser me av tala at fram til 2018 har under halvparten av jobbveksten kome i fylke utanfor Oslo og Akershus.

Spørsmålet mitt er ganske enkelt. Eg har lyst til å finna ut kva finansministeren synest om dette. Er det, slik ho ser det, rett for landet vårt at mesteparten av jobbveksten skjer i berre to fylke?


Les hele debatten