Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til næringsministeren

Om at regjeringa ikkje klarer å omstille norsk næring og industri til å bli meir grøn, og når regjeringa er ferdig med å tenkje, og klar til å handle

Datert: 23.10.2019
Besvart: 23.10.2019 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Spørsmålet mitt går til næringsminister Torbjørn Røe Isaksen, som eg beit meg merke i sa at regjeringa var inne i ein «tenkepause» i næringspolitikken. Det skal eg kome tilbake til.

Vi har i dag ei regjering som ikkje når klimamåla sine for 2020. Det har statsministeren innrømt. Og det er heilt uklart om ein vil kome i mål i 2030 – eller i 2021, 2022 og 2023. Det er heilt i det blå. Vi er i ferd med å stille oss på feil side av historia i kampen mot klimaendringar.

Om ein ser på dei lange linjene i norsk politikk, skjer dette samtidig med at regjeringa ikkje klarer å omstille norsk næring og industri til å bli meir grøn. Om vi ser på tala frå SSB, tala i nasjonalrekneskapen, ser vi at veksten i investeringar i industri er knytt direkte til leveransar til petroleumsindustrien. Dei neste par åra kjem denne aktiviteten til å gå ned. For industrien elles er investeringsnivået på akkurat same nivå – inga endring der. Vi er altså i ferd med å stille oss på feil side.

I budsjetthøyringane som Stortinget no gjennomfører i alle komiteane, er det store inntrykket frå næring og industri at det ikkje skjer noka reell omstilling. Det er i ferd med å breie seg ei generell forbløffing over handlingslamminga til regjeringa. Det er ein grunngitt frykt for at den unike moglegheita Noreg har til å byggje næring og industri innanfor område som grøn skipsfart, havvind, CCS og bioindustri, blir forspilt, fordi regjeringa ikkje har ein plan eller ein politikk som verkar.

Så tilbake til tenkepausen: Når er regjeringa ferdig med å tenkje, og klar til å handle?

Les hele debatten