Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:748 (2024-2025)
Innlevert: 23.12.2024
Sendt: 02.01.2025
Besvart: 08.01.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan eg be samferdselsministeren forklare grunnlaga for dei nedskiltingane av fartsgrenser som pr. dato er gjeldande på strekninga frå Otta til Oslo på E6, leggje fram dokumentasjon og fagleg begrunnelse for dette for dei enkelte områda som har nedskilta fartsgrenser?

Begrunnelse

Eg har ved fleire spørsmål til samferdselsministeren stilt spørsmål om kritikkverdige skilting med nedsatt fartsgrenser for vegarbeide, i tidsrom der slett ikkje er vegarbeide.
Spesielt på E6 frå Otta til Oslo er dette meir "regelen eller unntaka" då det støtt og stadig er nedskilting av fartsgrensa pga. vegarbeide, medan same skiltinga fortsetter å stå der meir eller mindre permanent i vekesvis, sjølv om anleggsmaskinene er vekk.
Dette gjelder også i helg og høgtid.
Eg har full forståelse for at nedskilting av fartsgrenser er heilt nødvendig når vegarbeide foregår eller der er vesentleg endringar av køyrebana som kan medføre fare ved normal fartsgrense for området.
Derimot er det vanskeleg å kunne forstå at der finnast grunnlag for nedskilting av 110 sone til 90 og vidare til 70 km/t, med bakgrunn i nokre meter rekkverk som er under utbetring. I tida der er anleggsmaskiner og fysisk arbeide ja, men ikkje i vekesvis utan anleggsarbeide.
Sjølv om eg fleire gongar har påpeika slurvete og mangelfull skilting som også transportnæringa reagerar på, har samferdselsministeren omtrent ikkje tatt dette på alvor, og svara frå ministeren har vore der etter.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Når det blir utført arbeid på og ved veg, er det ofte behov for å setje ned farten på vegen. Ved vurderinga av om dette er naudsynt vil følgjande kriteria vere avgjerande:

- Om det går føre seg arbeid i vegbanen, og kor nær passerande køyretøy kjem arbeidarar eller arbeidsmaskiner.
- Kva hastigheitsnivå omkøyringsvegar, mellombels sideforskyving eller andre endringar i linjeføringa tilseier.
- Eventuell fare for steinsprut, glatt dekke m.m.
- Om det er auka fare for utforkøyring på grunn av manglande rekkverk, ubeskytta sidehinder (maskiner), stor høgdeforskjell (grøfter) m.m.

For å ivareta trafikktryggleiken i vegarbeidsområde der farten må setjast ned, må dette bli gjort på ein forsvarleg måte. Gjeldande regelverk stiller krav om at ein må skilte ned farten trinnvis før arbeidsområdet. Dette gjeld vegstrekningar der permanent fartsgrense er meir enn 30 km/t høgare enn den mellombelse fartsgrensa.
Statens vegvesen opplyser at det den 23. desember var fleire arbeidsområde på strekninga frå Otta til Oslo på E6 som var skilta med nedsett fartsgrense:

• E6 ved Shell Skedsmovollen. Boring under veg. Eksisterande fartsgrense 100 km/t. Arbeidarar og anleggsmaskiner i avkøyringsrampe, innsnevring av eitt køyrefelt i rampen. Risikovurderinga til entreprenøren tilseier behov for å skilte med mellombels fartsgrense 70 km/t i hovudløpet slik at trafikantar skal få moglegheit til å tilpasse fart og handle riktig ut frå endra forhold på vegen. Mellombels fartsgrense blir oppheva etter avkøyringsrampa.
• E6 Lemkuhl bru. Rehabilitering av bru. Eksisterande fartsgrense 100 km/t. Arbeidarar og anleggsmaskiner tett på veg. Vegbanen er innsnevra ved at vegskuldra er avsperra forbi anleggsområdet i begge retningar. Risikovurderinga til entreprenøren tilseier behov for å skilte med mellombels fartsgrense 70 km/t forbi arbeidsområdet.
• E6 ved Jessheim - Arbeid med søyle på jernbanebru arbeid og i sideterreng. Eksisterande fartsgrense 110 km/t. Arbeidarar og anleggsmaskiner tett på veg. Risikovurderinga til entreprenøren tilseier behov for å skilte med mellombels fartsgrense 70 km/t forbi arbeidsområdet.
• E6 Sletta bru – Sprenging. Eksisterande fartsgrense 110/100 km/t. Eidsvolltunnelen blir stengt under sprenging. Trafikken blir leidd på anvist omkøyringsveg. For å ivareta trafikksikkerheit og sikre trafikkavvikling ved stengepunkt er det behov for å skilte med mellombels fartsgrense 70 km/t.
• E6 Sletta bru. Etablering av nytt austre landkar og midtsøyle samt støyping. Nordgåande løp på E6 er stengt. Eksisterande fartsgrense 110/100 km/t. Nordgåande trafikk blir leidd over i sørgåande løp ved hjelp av driftsopningar mellom nordgåande og sør-gåande løp. Behov for å redusere farten til 50 km/t for å ivareta trafikktryggleik og trafikkavvikling forbi arbeidsområdet.
• E6 Espa–Sprenging i samband med bygging av ny jernbanetunnel under E6. Eksisterande fartsgrense 110 km/t. Vegen blir stengt heilt under sprenging. Det blir skilta med nedsett fart til 50 km/t i forkant av sperring. Trafikk blir halden att på E6 medan sprenging går føre seg og sleppt opp etter maks 10 min.
• E6 Storhove–Øyer ved Ensby. Bygging av ny E6. Eksisterande fartsgrense 80 km/t. Trafikk blir leidd i omkøyring på fylkesveg. I forkant av omkøyring er hastigheita sett ned til 60 og deretter 50 km/t inn mot rundkøyring. Farten er nedsett på grunn av endra køyremønster ved rundkøyring og smalare veg.

I tillegg opplyser Statens vegvesen at det kan ha vore vegarbeid på strekninga som er regulert gjennom generelle arbeidsvarslingsplanar. Dette gjeld kortvarig arbeid på inntil 12 timar, eller beredskapsplanar som har vore iverksett for å utbetre akutt hending.
I tilfelle der det er forhold på vegen eller i sideterreng som kan vere trafikkfarlege, kan det vere naudsynt å skilte med nedsett fart. Fleire ting kan utløyse dette. Eit eksempel er vegstrekningar der eksisterande rekkverk manglar eller er skada. Eit anna eksempel er at det står ubeskytta sidehinder (t.d. maskinar) i sideterreng som er farlege å køyre på. Av omsyn til trafikktryggleiken er det naudsynt å sette ned farten på vegen til rekkverket er utbetra eller maskinar er fjerna.
Når det til dømes ikkje blir arbeidd langs eller på veg i helga, er det ikkje naudsynt å skilte nedsett fart dersom det ikkje er nokon fare for trafikantar. Entreprenøren skal då fjerne, snu eller dekke til skilta for nedsett fart, for å unngå forvirring og sikre at trafikken kan flyte normalt.
Statens vegvesen kontrollerer arbeidsvarsling knytt til vegarbeid. Både byggherre og skiltstyresmaktutfører jamlege kontrollar. Det er entreprenøren som har hovudansvaret ute på vegen, og som skal sjå til at alle skilt og anna utstyr er i tråd med godkjenninga deira. Når vegarbeidet er ferdig, skal alle skilt og utstyr knytt til arbeidsvarsling ryddast inn så fort som mogleg. Dette følgjer Statens vegvesen opp med entreprenør.