Skriftlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:731 (2024-2025)
Innlevert: 20.12.2024
Sendt: 20.12.2024
Rette vedkommende: Fiskeri- og havministeren
Besvart: 07.01.2025 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kva tanker gjer statsråden seg om situasjonen for Huglo når ferja ikkje går morgenen etter beredskapsturer?

Begrunnelse

Øya Huglo i Stord kommune har ferja som beredskapsferje ved hendingar om natta. Når beredskapen blir brukt må ferja droppe morgenturene som øyfolket trenger for å komme seg på skule og jobb. Dette hadde aldri vore akseptert andre stader så kvifor skal folket på Huglo og Tysnes / Stord måtte leve med denne usikkerheten og eit tilbud som er usikkert?
Bladet Tysnes har ein omtale av denne problemstillingen på nettavisa si der dei opplyser at fyrste ferjetur i dag går 1155 pga. nattas beredskapstur.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Arbeids- og kviletid er regulert i skipssikkerhetsloven §§ 23 og 24. Føremålet med reglane er å vareta tryggleiken til mannskapet, fartøyet og passasjerane. Det er avgjerande for tryggleiken at mannskapet får tilstrekkeleg kvile. Hovudregelen etter skipssikkerhetsloven
§ 24 er at kviletida skal være på minimum ti timer per døgn og 77 timer per veke. Regelverket opnar for at tilsynsmyndigheita (Sjøfartsdirektoratet) kan innvilge dispensasjon slik at mannskapet kan operere med mindre kviletid enn hovudregelen. For personell på passasjerskip med skiftordning i fartsområde 1 og 2, kan direktoratet fastsetje ytterlegare reduksjon av kviletida. Ferja som opererer i sambandet Jektevik – Hodnanes – Nord-Huglo, har fått innvilga ein slik dispensasjon.
Dispensasjonen har blitt forlenga på bakgrunn av Nærings- og fiskeridepartementet si avgjerd 5. juli 2024 om å oppheve fleire av direktoratet sine avslag på søknader om dispensasjon frå kviletidsreglane. Sakene blei sendt tilbake til direktoratet for ny vurdering i første instans. Det blei vidare beslutta at reiarlaga som ville få søknadene sine behandla på nytt, skulle gis mellombels dispensasjon til å operere i samsvar med skiftordninga som sist hadde vore gjeldande i sambandet. Også reiarlag som sender inn nye søknader om dispensasjon, eller anmodar direktoratet om å omgjere tidlegare avslåtte søknader, skulle få innvilga mellombels dispensasjon medan saka pågjekk. Den mellombelse dispensasjonen skulle gjelde inntil sakene er ferdigbehandla, anten ved at direktoratet innvilgar dispensasjonssøknadene eller til departementet fattar avgjerd i ei eventuell klagesak.
I vurderinga av om dispensasjonssøknader skal innvilgast, har Sjøfartsdirektoratet praksis for å vektlegge fartøyet si totale besetning, tryggleiksbemanninga, sambandstype (lokasjon, farvatn, overfartstid, ruteproduksjon mv.), helgetrafikken og eventuelle beredskapsoppgåver. Dersom det er beredskapsoppgåver i sambandet, vil direktoratet eventuelt innvilge søknader under følgjande føresetnad: Om kviletida blir avbroten eller redusert av beredskapsoppdrag, skal mannskapet ha minst seks timar samanhengande kvile straks etter oppdraget. På bakgrunn av til dømes tidspunktet beredskapsoppdraget skjer på og varigheita av oppdraget, kan det være nødvendig å tilføre utkvilt mannskap eller å la ferja ligge i ro inntil tilstrekkeleg kviletid er gjennomført. Dette vil kunne påverke ferja sin ordinære ruteplan
Sjøfartsdirektoratet er ikkje involvert i å lage eller påverke avtalar om beredskapsoppdrag. Dette er kommersielle avtalar som typisk blir inngått mellom fylkeskommunar, helseføretak og transportørar. Det er fylkeskommunen og ferjeoperatøren som er ansvarlege for at rutetrafikken i området blir avvikla i samsvar med kontrakten som er inngått. Direktoratet forventar likevel at ferjeoperatørarar som har beredskapsoppgåver i tillegg til ordinær rute, gjer gode faglege vurderingar av kva effekt gjennomføringa av desse oppdraga har på mannskapet si planlagde kvile.
Eg vil samstundes informere om at det har vore omfattande dialog mellom Sjøfartsdirektoratet og partane om praksis knytt til kviletidsreglar i ferjesamband. Ferjer med beredskapsoppgåver er blant punkta som har vore tema. Etter innspelsmøter sende direktoratet i desember 2024 ut eit forslag til nye kriterium for å innvilge dispensasjonssøknader, og avventar no partane sine tilbakemeldingar til dette.