Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:709 (2024-2025)
Innlevert: 18.12.2024
Sendt: 19.12.2024
Besvart: 07.01.2025 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Korleis er løyvinga til å oppfylle opplæringslova § 3-1 (språkdelte klassar på ungdomstrinnet) fordelt mellom kommunane?

Begrunnelse

I opplæringslova som vart sett i kraft 1. august 2024, vart retten til å få skriftleg opplæring i eiga elevgruppe i eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, som tidlegare berre gjaldt for årstrinna 1-7, utvida til ungdomstrinnet.
Finansieringa av utvidinga kom i statsbudsjettet frå og med 2024 (41,7 millionar, dvs. halvtårsverknad) og for fullt frå 2025 (102,4 millionar).
Kommunane som dette er aktuelt for, har naturleg nok vore interesserte i finansieringa og i fordelinga av desse midlane. Kommunal- og distriktsdepartementet har opplyst om at midlane er fordelte etter delkostnadsnøkkelen for grunnskule.
Basert på språkfordelinga på 7. trinnet skuleåret 23/24, ville språkdelinga på 8. trinnet skuleåret 24/25 gjelda ved maks 54 skular i totalt 36 kommunar. Dersom ein legg dei aktuelle kommunane inn i reknearket KS har utarbeidd for å rekna ut løyvingar kvar kommune får etter delkostnadsnøkkelen, får ein eit oppsiktsvekkande resultat.
Dei 36 kommunane det er snakk om vil for 2025 (heilårsverknad) berre få 17,3 millionar kroner av dei 102,4 millionane som er løyvde over statsbudsjettet. Oslo kommune vil åleine få 11 millionar til språkdeling, sjølv om det berre finst 2 elevar i ungdomsskulen i heile kommunen som har nynorsk opplæringsspråk. Samla vil 80 % av midlane som skulle sikra kommunane i dei språklege randsonene ei rettferdig finansiering av ekstrakostnader med språkdeling, med denne modellen gå til kommunar der språkdelte klassar for tida ikkje er aktuelt.
Denne utrekninga føreset at det er den ålmenne delkostnadsnøkkelen for grunnskule som er grunnlaget for fordelinga, og spørsmålet er om dette er rett forstått. I så fall er den utvida retten i opplæringslova kraftig underfinansiert i dei kommunane der den faktisk er aktuell.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: I den nye opplæringslova er retten til å få opplæring i eiga skriftspråkgruppe på eige hovudmål utvida til òg å gjelde på ungdomsskolen. Rammetilskotet til kommunane er auka med 41,7 mill. kroner i 2024 og ytterlegare 60,7 mill. kroner i 2025 som kompensasjon for meirkostnader ved innføring av retten. Som det går fram av Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet, er midlane fordelte etter delkostnadsnøkkelen for grunnskole. Midlane knytte til den tilsvarande retten for elevar på 1. til 7. trinn ligg på same måte i rammetilskotet til kommunane.
I tråd med finansieringsprinsippet for kommunesektoren skal kommunane samla kompenserast fullt ut for meirutgifter som følgje av endringar i oppgåver eller regelverk. Hovudprinsippet for finansiering av kommunesektoren er rammefinansiering, og kompensasjon for nye oppgåver blir derfor som oftast fordelt som frie inntekter gjennom inntektssystemet. Nye kompensasjonsordningar innanfor rammetilskotet skal som hovudregel fordelast etter dei ordinære kriteria i inntektssystemet, det vil seie delekostnadsnøkkelen for grunnskole i dette tilfellet.
Den utvida retten til opplæring i eiga skriftspråkgruppe i den nye opplæringslova gjeld på same måte for alle kommunar, og kompensasjonen er derfor fordelt på vanleg måte gjennom inntektssystemet. Det er vanskeleg å vite på førehand kva kommunar som vil bli påverka av den nye retten og korleis kommunane vil organisere seg i dei tilfella der det blir aktuelt. Det er derfor ikkje mogleg å seie noko sikkert på førehand om meirkostnadene for kvar enkelt kommune. Kva kommunar som kan bli påverka av den nye retten vil også kunne endre seg over tid. Midlane er derfor på vanleg måte fordelte etter dei ordinære kriteria i inntektssystemet, slik at alle kommunar blir kompenserte for moglege ekstrakostnader knytt til den utvida retten.
I ein rammefinansiert sektor vil det aldri vere eit eksakt samsvar mellom kompensasjonen knytt til nye enkeltsaker og meirkostnaden til kvar enkelt kommune kvart enkelt år. Men når alle dei kommunale oppgåvene blir sett i samanheng for kommunesektoren samla, vil slike forskjellar som regel jamne seg ut over tid.