Skriftlig spørsmål fra Peter Frølich (H) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:706 (2024-2025)
Innlevert: 18.12.2024
Sendt: 19.12.2024
Besvart: 06.01.2025 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Peter Frølich (H)

Spørsmål

Peter Frølich (H): Hvordan vurderer statsrådens lovligheten av å ta betalt for å skrive akademisk oppgaver for andre, hvilke konsekvenser kan det få for den som utfører slik arbeidet, og vil statsråden iverksette noen tiltak for å forhindre praksisen?

Begrunnelse

Jeg viser til medieoppslag om at enkelte skriver og selger akademiske oppgaver til studenter, senest med oppslag i VG 16. desember 2024.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Universitets- og høgskulelova regulerer kva reaksjonar som kan nyttast ved fusk. Å kjøpe ei masteroppgåve og levere ho som si eiga vil vere eit svært grovt tilfelle av fusk. Etter forslag frå regjeringa, vart reglane om utestenging endra i den nye universitets- og høgskulelova. Lova opnar no for å stengje ute studentar i inntil to år ved særleg grove tilfelle av fusk. Eg forventar at universitet og høgskular vil nytte dette høve dersom dei avdekkjer at studentar har kjøpt ein masteroppgåve og levert ho som si eiga.
Universitets- og høgskulelova regulerer ikkje kva privatpersonar kan tilby av tenester. Reglane om fusk rettar seg mot studentane, og det er studentane sjølve som er ansvarlege for å følgje reglane.
Å skrive ei akademisk oppgåve for andre, vel vitande om at ho vil bli levert inn under falskt namn, kan moglegvis vurderast etter straffelovas reglar om dokumentfalsk og medverknad til dette.
Eg er ikkje kjent med at ei slik sak har vore oppe for domstolane, og det vil eventuelt vere opp til påtalemakta og domstolane å ta stilling til om eit slikt tilfelle skal førast for retten og dømast til straff. Dersom institusjonane får kjennskap til forhold som kan tenkjast å vere ulovlege etter straffelova forutset eg at dei sjølve vurderer om det er grunnlag for å melde saka til politiet.