Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:686 (2024-2025)
Innlevert: 17.12.2024
Sendt: 18.12.2024
Besvart: 03.01.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare korleis det er mulig å kunne holde åpent ein fjellovergang slik som Strynefjellet når brøytebilane sniglar seg avgårde i 37 km/t, er dette med bakgrunn i ei eller anna håplaus håndbok som legg slike begrensninger der sunn fornuft ang både utsyr, fart og maksimal snøryddingseffekt blir lagt til side, og kor mange brøytebilar må egentlig til for skikkeleg og forsvarleg vintervedlikehold når brøytebilane absolutt skal køyre i 37 km/t?

Begrunnelse

Vintervedlikeholdet er rett og slett ikkje godt nok, når ein faktisk verkeleg har behovet for dette.
Ved null snøfall og normale vegar ser eg ofte både brøytebilar og anna som er ute på vegane, medan når det verkeleg er vanskeleg køyreforhold har ein verken nok kapasitet, handlar i tide , eller har rett utstyr.
Til dømes sist helg køyrde eg tur/ retur Stortinget- Stranda via RV 15 Strynefjellet.
Såpeglatte vegar spesielt i Lom området på veg heim førte til andre bilar utanfor vegen, medan strøbilen glimra med sitt fravær. Midt i sentrum av Lom var vegen strødd, i ei vegstrekning med 40 km/t resten av området både sør og nord for Lom utan eit sandkorn.
Det samme ang. vegen vidare og over Strynefjellet.
På veg tilbake søndag kveld var det svært dårlig ver, og ekstremt med sørpe i vegbana.
Det var så dårlig brøyta og så mykje sørpe i vegbana at eg faktisk hadde problem å køyre med firehjulstrekk og nye piggdekk, NED Strynefjellet mot Skjåk.
To brøytebilar observerte eg i overfarta og kryssinga av Strynefjellet, der dei snigla seg fram i akkurat ja, 37 km/t.
For eg låg lenge bak ein slik ein, i akkurat 37 km/t.
Når dei køyrer så seint, og ikkje har høgfjellsplog i større fart så fører sjølvsagt dette til at sørpa slett ikkje forsvant ut av vegbana, men påførte svært farlige kanter som gjorde det rett og slett farleg å kunne passere andre motgåande køyretøy.
At det ikkje blir brukt høfjellsplogar i høg fart som kan kaste snø, sørpe osv. til donders ut av vegbana, er vanskele å kunne begripe, og med ei fantastisk fart på heile 37 km/t forstår alle at det er ikkje mykje ein klarer å brøyte av eit heilt Strynefjell i drittver for å kunne holde vegen open og i køyrbar stand.
At samme brøytebilen også må salte er slett ikkje holdbart. Når en liksom skal slå to fluer i ein smekk, fører i vert fall ikkje dette til optimal brøyting av fjellovergangen.
Eg forstår godt at det ikkje kan vere like godt vintervedlikehold i normalt vinterver som i storm eller kuling. Men både kapasitet og utstyr må stå i stil med behovet til ein kvar tid og situasjonen.
Vintervedlikheoldet er slett ikkje bra, og vondt i minne sist vinter sin situasjon med svært mangelfull både beredskap og vintervedlikehold, brøyting, strøing osv. er fortsatt kritikkverdig.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Riksveg 15 frå Lom til Oppljostunnelen har vinterdriftsklasse D. Det betyr at godkjent føreforhold er hard snø/is. På vegar med denne vinterdriftsklassen skal brøyting gjennomførast med ei syklustid på 3 timar og krav til friksjon på hard snø/is er større enn 0,25 (μ). Strøing skal setjast i gang ved forventa friksjon lågare enn kravet.
Driftsentreprenøren skal til kvar tid sørgje for at krava blir overhaldne og setje i verk nødvendige tiltak slik at tilstanden på vegen er etter krava. Talet på driftskøyretøy det er behov for vil derfor variere med rodelengda. Den aktuelle roda Strynefjellet er ein del av blir drifta av to lastebilar som utfører brøyting og strøing. Det er dessutan ein lastebil i beredskap. Det er i tillegg to fres og ein hjullastar som også blir nytta. Fres blir mellom anna nytta til å frese bort brøytekantar som oppstår etter brøyting.
Brøytemannskapa baserer arbeidet sitt på vêrprognosar. Viss prognosane slår feil kan det ta lengre tid før brøyting kjem i gang. I enkelte situasjonar kan entreprenørane ha vanskar med å gjennomføre arbeidet for å halde oppe standarden. Dette kan til dømes vere når det er kraftig og langvarig snøfall, mykje vind på fjellovergangar eller plutselege endringar i vêrforholda.
I helga 13-15. desember var det periodar med mykje nedbør og vind som har skapt utfordringar for driftsentreprenøren på rv. 15.
Med mindre Statens vegvesen har sett spesifikke krav til plogtypar i kontraktane sine, er det dei faglege vurderingane til driftsentreprenøren som avgjer val av plogtypar. I driftskontrakten som omfattar Strynefjellet har driftsentreprenøren både diagonalplog, høgfjellsplog og spissplog. Entreprenøren bruker den plogtypen dei meiner er best eigna utor dei gjeldande forholda.
Maksimal tillaten fart under brøyting blir regulert av krav i driftskontraktane. Brøyteplogar er store og tunge reiskapar som tek stor plass på vegen. Ut frå omsynet til trafikktryggleik er det derfor også på dei fleste riksvegane krav til maksimal brøytefart på 40 km/t på grunn av fare for kollisjon og påkøyrslar. Dessutan fjernar brøyteplogane snøen best ved brøytefart opp til 40 km/t. Viss dei brøytar med høgare fart, vil mykje av snøen bli liggjande igjen etter plogen. Brøyting med høg fart kan også gi skadar på skilt og anna utstyr langs vegen, og det kan og skape farlege situasjonar viss plogen treffer til dømes humpar eller hinder på vegen.