Skriftlig spørsmål fra Tage Pettersen (H) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:643 (2024-2025)
Innlevert: 12.12.2024
Sendt: 13.12.2024
Besvart: 19.12.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Tage Pettersen (H)

Spørsmål

Tage Pettersen (H): Vil statsråden legge til rette for at Sjond AS får svar på sin søknad så raskt som mulig og når kan de forvente at dette skjer?

Begrunnelse

Sjond AS har søkt departementet om tillatelse til å anlegge krematorium. I et brev fra departementet datert 21. oktober skrives det at man tar sikte på å fatte vedtak så raskt som mulig, men at det kan drøye til desember. På en konferanse i Sandefjord 29. november ble det også henvist til desember fra en ansatt i BFD som var tilstede.
Nå har aktøren fått beskjed om at behandlingen kan ta tre nye måneder.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Fordi gravplasslova berre har ei overordna regulering av vilkåra for å få byggje krematorium, har det tatt tid å handsame den første søknaden frå eit privateigd aksjeselskap som vil byggje og drive eit krematorium i Noreg. Eg viser til at reguleringa i gravplasslova § 4 andre ledd går attende til likbrenningslova av 1913, bortsett frå at departementet med gravplasslova i 1996 fekk heimel til å stille vilkår. Fordi det er stilt få krav til krematorium i regelverket, må ein vurdere kva for vilkår som må setjast for eit eventuelt løyve. Eg viser til at det til dømes ikkje er heimel til å føre statleg tilsyn med krematorium. Difor må det gjerast nokre prinsipielle avklaringar før søknaden kan svarast ut. Dette arbeidet er prioritert, og eg ser behovet Sjond AS har for å få svar på sin søknad. Eg vil samstundes vise til at mitt departement gav tilskot til ein rapport frå Hovudorganisasjonen KA som kartla samfunnets behov for krematorium og kjølerom. Rapporten kom i august og vi har no mottatt innspel til rapporten, og departementet arbeider med oppfølging. Regjeringa vil sjå heilskapleg på området når det gjeld krematoriakapasitet, ein tenleg prosess for å vurdere rett lokalisering, kven som skal driva dei og korleis vi eventuelt kan lovheimla ansvaret for krematorium i Noreg.