Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren gjere greie for kva som vil kunne skje med overføringane til ferjedrifta til Møre og Romsdal fylkeskommune, med bakgrunn i at fylkestinget sitt fleirtal har vedteke å auke ferjetakstene for alle betalande ferjesamband med heile 3 takstsoner?
Begrunnelse
Eg har i tidligere spørsmål stilt ministeren stilt spørsmål om fylkeskommunal ferjedrift, beregningsgrunnlag for overføringar til fylka ang ferjedrifta, samt kva som blir resultatet dersom fylka innfører betaling for gratisferjesamband eller aukar takstane betydelig i alle ferjesamband.
Ut frå tidligare svar har eg forstått at berekningsgrunnlaget for statleg overføringar gjeldand fylka sin ferjedrift, er det faktiske årlege berekna kostnadsnivået til fylkeskommunane som grunnlag for statelige overføringar fordelt mellom ferjefylka.
Eg har forstått det slik at dersom ferjeeigar aukar sitt inntekstgrunnlag gjennom kraftig auke av ferjeprisane, vil dette medføre lågare utgifter til ferjedrifta med dertil redusert berekningsgrunnlag for kostnadsnivået for den fylkeskommunale ferjedrifta.
Eg har også tolka statsråden slik at dette kan medføre mulige reduksjonar av statlege overføringar over rammeoverføringane som kompensasjon av fylka sine ferjeutgifter.