Skriftlig spørsmål fra Hege Bae Nyholt (R) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:622 (2024-2025)
Innlevert: 10.12.2024
Sendt: 11.12.2024
Besvart: 19.12.2024 av forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Hege Bae Nyholt (R)

Spørsmål

Hege Bae Nyholt (R): Meiner statsråden at det er rett at offentlege høgskular skal samarbeide med private vidaregåande skular og dermed bidra til segregering i opplæringssektoren, og kva andre slike samarbeid eksisterer per dags dato?

Begrunnelse

Måndag 09.12.24 kunne Fredrikstad Blad melda at Høgskolen i Østfold (HIØ) har inngått eit samarbeid med den private vidaregåande skulen Akademiet vgs Fredrikstad. Ifølgje avisa vil blir dette ein “vinn-vinn”-situasjon for begge skulane og ikkje minst elevane som kan få ein saumlaus veg frå VGO til høgare utdanning. Elevane ved Akademiet skal få nytta fasilitetane ved HIØ, mellom anna laboratorium, og ikkje minst dei faglege lærarkreftene ved høgskulen.

Det som derimot er uvisst er korleis dette vil verka inn på dei offentlege vidaregåande skulane i byen. Fredrik II som ein av Noregs største vidaregåande skuler i Fredrikstad har lidd hardt etter funn av asbest i bygget og slitt med mangel på undervisningslokale. Dette har ført til ein kaotisk situasjon for mange elevar, og søkjartala til dei to offentlege vidaregåande skulane i Fredrikstad har speila dette. Til samanlikning har Akademiet og dei andre private vidaregåande skulane opplevd ein eksplosiv vekst i søkjartal i same periode.

Resultatet kan bli ein klassedelt skulestruktur i Fredrikstad. Elevane som kan betala for seg får gå på ein skule som samarbeider tett med høgskulen og kan levera eit unikt studieløp. Dei andre er sit att med det offentlege tilbodet.

Regjeringa skriv i si eiga plattform: “At barn og unge med ulik bakgrunn lærer saman i skulen, er viktig for fellesskapet, det byggjer ned forskjellar og opp tilliten vi har til kvarandre”. Dette verkar å ikkje vera tilfelle i Fredrikstad.

Regjeringa har også i Hurdalsplattforma løfta fram at dei ønskjer å stramma inn i privatskulelova.

Det som er spesielt med situasjonen i Fredrikstad er at det her er eit partnarskap mellom ein offentleg institusjon for høgare utdanning og ein privat vidaregåande skule. HIØ er finansiert over statsbudsjettet, og det er fellesskapen sine skattepengar som er med på å styrke posisjonen til Akademiet vgs i Fredrikstad og bidra til større forskjellar mellom det offentlege og private tilbodet i byten. Altså er det offentlege med på å skapa A- og B-skular, stikk i strid med det denne representanten kan lesa at er regjeringa sin politikk i regjeringsplattforma.

Oddmund Hoel (Sp)

Svar

Oddmund Hoel: Universitet og høgskular skal fremje og verne akademisk fridom, jf. universitets- og høgskulelova. Å bruke universitet og høgskular som instrument i regjeringas politikk på privatskulefeltet, ville vere å utvise eit noko utradisjonelt forhold til akademisk fridom og institusjonell autonomi. Ei av oppgåvene til universiteta og høgskulane er å samarbeide med relevante aktørar internasjonalt, nasjonalt, regionalt og lokalt for å betre kvaliteten på verksemda og gjere ho meir relevant. Høgskulen, med styret som det øvste organet, må sjølv bestemme kven dei vil samarbeide med. Departementet vil ikkje overprøve dei vurderingane og avgjerdene institusjonen har føretatt.

Departementet har elles ikkje oversikt over kva samarbeid som finst mellom offentlege høgskular og private vidaregåande skuler, og eg ser ikkje noko behov for ei slik oversikt. Det er eit mål for regjeringa å unngå unødige krav til rapportering frå verksemdene i sektoren.